Fleire medaljar i NM i vektløfting

Vektløftarar frå region Nord-Vestlandet tok i går tre gull, to sølv og tre bronse under senior-NM i vektløfting. Det vart gull til Sarah Hovden Øvsthus (Bjørgvin) i klasse 55 kilo, Ine Andersson (Tambarskjelvar) i klasse 64 kilo og Marcus Bratli (Bjørgvin) i klasse 67 kilo. Julia Jordanger Loen (Breimsbygda) og Runar Stikholmen (Bjørgvin) tok sølv i sine klasser, medan Sandra Nævdal (Bjørgvin), Robert Andre Moldestad (Breimsbygda) og Jantsen Øverås (Tambarskjelvar) tok bronse i sine klasser.

Julia Jordanger Loen
Foto: Ola Bergheim