Hopp til innhold

Her samlar kyrkjelyden seg til drive-in-gudsteneste

JØLSTER/BERGEN/MOLDE (NRK): Korona-pandemien gjer at folk ikkje kan gå i kyrkja. Fleire stader er det difor drive-in-gudstenester første påskedag.

Drive-in-gudsteneste Bergen

DRIVE-IN: Susanne Asphaug var ein av dei som møtte fram for å få med seg drive-in-gudstenesta i Bergen første påskedag.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

– Det er spesielt, men det er veldig koseleg å sitje her, seier Susanne Asphaug.

Frå bilen sin på taket av Bygarasjen i Bergen følger ho gudstenesta første påskedag.

Fleire kyrkjer tenkjer nytt som følge av koronapandemien. Mange strøymer gudstenester på nett, men fleire kyrkjer arrangerer også drive-in-gudstenester.

Drive-in-gudsteneste Bergen

GUDSTENESTE: Domprost Gudmund Waaler og biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug før drive-in-gudstenesta på taket av Bygarasjen.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

Kjenner på fellesskap

Helgheim kyrkje i Jølster plar vere full første påskedag, men i år er det berre parkeringsplassen som fyller seg opp.

– Det å vere saman med denne måten gir ein følelse av fellesskap sjølv om det er på ein annan måte, seier Silje Sørebø, sokneprest i Jølster.

Frivillige krefter har rigga til ein lastebil der gudstenesta skal leiast frå.

– Det kjem ord og tonar herfrå, så sit folk i bilane der dei kan vere med i songen og høyre orda, fortel Sørebø.

Det er første gong dei har drive-in-gudsteneste ved Helgheim kyrkje.

– Dette er ganske så uvant. Men sjølv om det er korona og sjølv om det er regnvêr, kan vi ikkje la vere å feire livet, håpet og oppstandelsen første påskedag, seier Sørebø.

Steinar Dvergsdal er med i soknerådet og har engasjert seg for å få til gudstenesta.

– Vi ville at folk skulle få kjenne på fellesskapen her ved Helgheimskyrkja. Eg er godt fornøgd, men vi skulle gjerne hatt betre vêr, smiler han.

Drive in-gudsteneste ved Helgheim kyrkje i Jølster

GUDSTENESTE FRÅ LASTEBIL: Sokneprest Silje Sørebø og prest Carsten Langeland leia gudstenesta frå ein lastebil på parkeringsplassen utanfor Helgheim kyrkje.

Foto: Arve Uglum / NRK

Gudsteneste utanfor fotballstadion

Også i Molde trassa folk blåst og regn, og møtte til gudsteneste i regi av Molde domkyrkje kyrkjelyd og Møre bispedøme på parkeringsplassen utanfor Aker Stadion.

– Det er eit fantastisk vêr å invitere til drive-in-gudsteneste på. Det er ingen i Molde som drøymer om å gå på tur no, smiler biskopen.

Kyrkjelyden lyttar til gudstenesta via radio i bilane, og kan samtidig følge med på det som skjer.

Midttømme meiner Den norske kyrkja har hatt ei bratt læringskurve i digitale løysingar dei siste fire vekene.

– Eg er imponert over det kyrkjene landet rundt har fått til, seier ho.

«Drive-in» gudsteneste i Molde

FRISKT VÊR: I ruskete vêr blei det halde gudsteneste for dei frammøte på parkeringsplassen utanfor Aker Stadion i Molde. Her Grethe Lystad Johnsen, sokneprest i Molde domkirke

Foto: Remi Sagen / NRK

Fint å sjå andre

Malene Trondsen ein av dei som har tatt med seg heile familien i bilen for å delta på gudsteneste. Ho brukar vanlegvis å gå i kyrkja, og syns det er kjempefint å kunne gjere det på denne måten.

– Vi har vore inne heile påska, så det er fint å kunne sjå andre folk og få vere med på gudsteneste på påskesøndagen, seier Trondsen.

Også Åsane kyrkje held ei eiga drive-in-gudsteneste på parkeringsplassen utanfor kyrkja i kveld.

«Drive-in» gudsteneste i Molde

DRIVE-IN I MOLDE: Mange køyrde til ein annleis gudsteneste i Molde første påskedag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK