Hopp til innhold

Fleire kommunar vrakar firedagarsskulen: – Vil vera positivt for likestillinga

TYSNES (NRK): I kvar fjerde kommune i landet går elevar berre på skule fire dagar i veka, men stadig fleire av dei innfører no femdagarsskule.

Elevar på Uggdal skule

GLER SEG: Tredjeklassingane Magnus Trane, Jimmy Bakke, Maren Eikevik Frugård, Bertine Dalland, Adrian Gjelland Hope og Adele Dale gler seg til å gå på skule fem dagar i veka.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– På onsdagane er eg på SFO heile dagen, og det er ikkje så gøy.

Det seier tredjeklassingen Magnus Trane ved Uggdal skule i Tysnes. Der har elevane fri annankvar onsdag. Dei har like mange skuletimar som alle andre, men timane er fordelte på færre dagar.

– Med firedagarsveke får elevane veldig lange skuledagar i ung alder. Me ønskjer at dei skal få kortare dagar, seier ordførar Kåre Martin Kleppe (H).

Frå hausten skal difor alle elevar på Tysnes gå på skule fem dagar i veka. Det gjeld også minst fire andre kommunar, ifølgje ei kartlegging frå utgreiingsseksjonen på Stortinget.

Arve Belt

Arve Belt synest ein fridag i veka er godt for både born og foreldre, og kjempa mot innføringa av femdagarsskule i kommunestyret.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Store skilnader i fylka

83 av dei 301 kommunane som er kartlagde, har ulike variantar av firedagarsskule. I Oslo går ingen elevar på firedagarsskule. I Vestland finn ein firedagarsskule i heile 19 kommunar.

Arve Belt sat i Tysnes kommunestyre for Venstre under debatten om femdagarsskule i førre periode. Han var klart imot, men fekk ikkje kommunestyret med seg.

– Fleire foreldre har teke kontakt med meg og er litt fortvila. Nokre er pendlarar og slit med å rekka heim når ungane skal slutta skuledagen klokka 12. Andre ønskjer berre den kvalitetstida saman med ungane sine.

Rektor Bente raknes, Uggdal skule Tysnes

Rektor Bente Raknes ved Uggdal skule meiner onsdagsfri gjer at skuleveka får ein unaturleg stopp.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Mange kvinner jobbar deltid

49 av dei kartlagde kommunane har firedagarsveke på alle sine skular med småtrinn. Dei fleste kvinnene som jobbar i desse kommunane, har deltidsstillingar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Totalt er det i underkant av 40 prosent som jobbar deltid blant kvinner i Noreg.

Og på Tysnes er det overvekt av deltidsarbeid blant kvinner.

– Det blir litt sånn «lockdown» på onsdagar, fordi ein del vaksne ønskjer å ha redusert arbeidstid for å vera heime med ungane, seier rektor ved Uggdal skule, Bente Raknes.

Oppvekstsjef Aud Kaldefoss trur fleire kvinner kjem ut i fulltidsjobb når kommunen får femdagars skuleveke.

– Det skjer kanskje ikkje med ein gong, men eg trur det gradvis kjem til å auka til 100 prosent, seier ho.

NHO meiner også at det er positivt at fleire kommunar no går over til femdagars skuleveke.

– Dette vil sikra behovet næringslivet har for heiltids arbeidskraft, styrka verdiskapinga og økonomien til den enkelte familien. I tillegg vil det vera positivt for likestillinga, meiner Nina Melsom, som er direktør for arbeidsliv i NHO.

Oppvekstsjef Aud Kaldefoss, Tysnes

Oppvekstsjef Aud Kaldefoss trur skuleveker på fem dagar er bra for likestillinga på Tysnes.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Trur elevane får det betre

På Uggdal skule gler dei seg til skule fem dagar i veka.

– Det blir kanskje litt gøyare. Det er ikkje så mange som bur nær meg og som eg kan leika med på onsdagane, seier Bertine Dalland i 3. klasse.

Bertine Dalland i 3. klasse på Uggdal skule

Bertine Dalland i 3. klasse på Uggdal skule gler seg til å kunna møta skulevenene sine fem dagar i veka frå hausten.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Rektor Bente Raknes trur også at elevane kjem til å få ein betre skulekvardag til hausten.

– Det å halda rytmen gjennom veka og gå kvar dag er heilt i orden. Me har vore så vane med dette onsdagsveldet vårt, men det er eigentleg no me skal over i det normale.

I Vestland har også nye Sunnfjord kommune vedteke femdagarsveke til hausten, men der har tre skular i gamle Gaular kommune og ein skule i gamle Førde kommune fått fritak, og held fram med firedagarsveke frå hausten.