Fleire kolonner Skatestraumtunnelen

Frå fredag morgon og gjennom denne helga vil avgangane gjennom den brann- og eksplosjonsråka Skatestraumtunnelen gå oftare, med avgangar kvar heile og halve time frå Hamnen med umiddelbar retur frå Klubben. Tidsramma er som før 06–22 fredag og 08–22 laurdag og sundag. Vegvesenet opplyser i ei pressemelding at prognosane for opning er desember, som tidlegare varsla.