Hopp til innhold

Fleire i arresten etter fyll

I Bergen vart fleire personar sett i drukkenskapsarresten i natt. På Twitter melder politiet om fire tilfelle, der alle har vore overstadig rusa. Ein av dei dytta gjester og vakter på ein utestad. Ein annan person forulempa kundar på ein burgerrestaurant. Alle sakene blir melde og følgde opp, opplyser politiet.