Ei kolonne med bilar var på veg over Haukelifjell i går ettermiddag, men blei hindra av dårleg ver og blei ståande fast inne i Vågslidtunnelen. Om lag 200 personar måtte overnatta i tunnelen, ifølgje
.Blant dei skal det vera fleire barnefamiliar.
Ein av dei innesperra er Bernt Jæger. Han seier til NRK at det går bra med han og kjæresten.
Overnatta i tunnel på Haukelifjell - Bernt Jæger
Kaldt og lite mat
– Vi har funne oss ei varmestove her inne i tunnelen. Men eg tenkjer på dei med små ungar som sit i bilane og har det kaldt, seier Bernt Jæger.
Han har med seg godt med klede, men trur ikkje det er alle som er like godt utstyrte for noko slikt.
– Det er ikkje så mykje mat, og mange er nok svoltne, seier Jæger.
Mange av dei står framleis fast i tunnelen, og det er uvisst kor tid dei kjem seg vidare.
Ifølgje
skal det gjerast ei ny vurdering klokka 19 i kveld.– For lite informasjon
Jæger er kritisk til informasjonen frå vegvesenet, og seier dei innesperra stort sett har måtta skaffa seg opplysningar sjølv om kva som skjer vidare.
Likevel greier dei å halda motet oppe:
– Her spelar vi yatzy og har godt humør, seier Jæger.
Sjå oppdatert vervarsel her: