Hopp til innhold

Fleire hundre i prideparaden i Sogndal

Fleire hundre deltok då det for første gong vart arrangert ein prideparade i Sogndal.

– Det har gått over all forventing, til og med i ordentleg vestlandsvêr, seier Sandra Tenud, leiar i Sogn og Fjordane pride.

Ho seier ho er begeistra over det gode oppmøte og den gode stemninga. Ho skildrar at i tillegg til dei fleire hundre som gjekk i paraden, var det mange som stod og heia dei fram i gatene.

– No har me kickstarta noko og me ser at mange vil vera med og visa at Sogndal er for alle, seier Tenud.

pride i sogndal, folk står på ein traktorhengar og smiler
Foto: Sogn og Fjordane Pride