På veg mot Dragsvik stod familien Kvalheim og lurte på kva dei skulle gjere. Ferja gjekk om ikkje så lenge, og den skulle dei helst nå. Hunden var heilt aleine, men både snill og tillitsfull. Saman bestemte familien seg for å ta vare på den.
– Hunden kikka rundt seg og ville helst tilbake til elva. Den var sliten, seier Bettina Astor i Dyrebeskyttelsen.
Familien banka på fleire dører då dei kom fram til hus og hytter, men det var ingen som sakna den. Ute i regnet og aleine kunne den ikkje vere, så familien tok med seg hunden ned frå fjellet etter avtale med Dyrebeskyttelsen.
– Ungane har ansvarsfølelse og syns veldig synd på hunden som var aleine. Den ville verken ha vatn eller mat, så vi kunne berre ikkje køyre frå den, seier Rhina Kvalheim.
TOK MED HUNDEN PÅ HOTELL: Rhina Kvalheim og borna møtte den eigarlause hunden på veg over Gaularfjellet i det dei skulle ta bilete av ein foss.
Foto: PrivatHunden fekk ei hotellovernatting
Familien var på veg mot Sogndal. Det var blitt seint på kvelden, så dei bestemte seg for å køyre resten av vegen dagen etter, og heller overnatte ein stad. På campingplassen var det verken ledige hytter eller lov å ha med seg dyr, så redninga blei Kviknes Hotel i Balestrand.
– Der troppa heile familien opp med vår hund og hunden som vi fann på Gaularfjellet, så vi fekk ei god natt alle saman, ler Kvalheim.
INNE I VARMEN: Den eigarlause hunden fekk tilbringe ei natt på hotell med sine nye vener frå Vågsøy.
Foto: PrivatHentar att krefter i Vetlefjorden
Både politiet og Dyrebeskyttelsen har etterlyst eigar, men eigaren av den litt eldre blandingshunden har ikkje meldt seg.
– Ungane spør om vi skal adoptere den. For oss var det heilt naturleg at vi tok vare på hunden, så får vi håpe at eigaren melder seg, seier Kvalheim.
No er hunden hjå ekteparet Susanne og Leif Magne Vigdal i Vetlefjorden. Der får ho gå fritt og hente att krefter.
– Leif Magne har gått to gonger oppe på fjellet for å sjå etter eigaren. Han har leita etter både folk og bilar, men leitinga var utan hell, seier Astor.
Responsen frå alle som vil hjelpe hunden har vore stor.
– Dette er både overveldande og fantastisk. Folk er fulle i omsorg over denne hunden, og det er varmande. Ta kontakt med oss i Dyrebeskyttelsen om du er eigar eller veit kven som kan vere det, seier Bettina Astor.