Hopp til innhold

Fleire fylkeslag med støtte til Ropstad som ny leiar i KrF

KrF i Hareides heimfylke meiner Kjell Ingolf Ropstad bør bli ny leiar i partiet. Men fleire andre fylke er framleis i tenkeboksen.

Kjell Ingolf Ropstad

FÅR STØTTE: Hordaland KrF ber saman med Rogaland, Agder, Hedmark og Telemark valkomiteen om å gå inn for Kjell Ingolf Ropstad som ny leiar i partiet.

Foto: Gunhild Hjelmundrud

Arbeidsutvalet i Hordaland KrF fortalde onsdag at dei ynskjer Kjell Ingolf Ropstad som ny leiar i partiet.

Fylkeslaga i partiet skal gje sine innspel til valkomiteen innan 1. februar, men allereie no deler fleire kven dei meiner er best eigna til leiarvervet:

  • Nordland og Akershus går inn for Hans Olav Syversen
  • Rogaland, Telemark, Hedmark, Agder og Hordaland ynskjer Kjell Ingolf Ropstad

Støtte i vest

Tor Andre Ljosland i Hordaland KrF meiner Ropstad har eigenskapane som trengst.

– Kjell Ingolf er ein person som har evna til å begeistre, og han har gode skottsmål frå det arbeidet han har gjort i stortingsgruppa. Vi trur han vil vere ein samlande leiar når folk blir godt kjent med han.

Tor Andre Ljosland

STØTTAR ROPSTAD: Tor André Ljosland i Hordaland KrF trur Ropstad vil bli ein samlande leiar for partiet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

I tillegg til Hordaland har også Telemark KrF i dag sagt at dei støttar Ropstad som leiar.

– Vi stoler på han, og måten han gjennomført regjeringsforhandlingane på har auka tilliten. Vi synest han har gjort ein glitrande jobb, seier 2. nestleiar i Telemark KrF, Magnar Kleiven.

Fleire fylke står att

Også Ropstad sitt eige fylkeslag har gått ut og støtta han denne veka.

– Agder KrF stiller seg bak forslaget om Kjell Ingolf Ropstad som ny leiar i KrF, seier 2. nestleiar i fylkespartiet i Agder, Irene Solli.

Agder, Rogaland og Hordaland er saman med Møre og Romsdal fylka med flest delegatar til landsmøtet.

Desse fylka har enno ikkje gått ut med støtte til ein leiarkandidat:

  • Sogn og Fjordane
  • Møre og Romsdal
  • Buskerud
  • Oppland
  • Oslo
  • Troms og Finnmark
  • Trøndelag
  • Vestfold
  • Østfold

Ifølgje Vårt Land vurderer fleire av dei «raude» fylkeslaga no fungerande leiar Olaug Bollestad.

Olaug V. Bollestad

FUNGERER: Olaug Bollestad leiar partiet fram til landsmøtet i april. Ho har peikt på Ropstad som ny leiar, men avviser heller ikkje at ho kan halde fram.

Foto: TOM EDVINDSEN / NRK

Peikar på Ropstad, men kan vere aktuell

Bollestad har tidlegare peikt på Ropstad, men seier til Stavanger Aftenblad at det ikkje betyr at ho abdiserer sjølv.

På spørsmål om ho utelukkar at ho kan ta over permanent, viser ho til valkomiteen.

– Eg har peika på Ropstad, men det er lov til å ha ulike meiningar, sa Bollestad tidlegare denne veka.

Nordland og Akershus KrF sa måndag at dei ville ha Hans Olav Syversen som ny partileiar, men Syversen har i ein SMS til NRK stadfesta at det ikkje er aktuelt. Tysdag blei han òg utnemnd til statssekretær ved Statsministerens kontor.

Vil snakke med alle

Fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal leiar valkomiteen i KrF. Ho seier dei vil snakke med alle føreslåtte leiarkandidatar når fristen for innspel går ut 1. februar.

– Ropstad har tidlegare gitt uttrykk for at han stiller seg til disposisjon. Og han har blitt peikt på av både Knut Arild Hareide og Olaug Bollestad, konstaterer valkomiteleiaren.

Fylkesordfører Solveig Ege Tengesdal (KrF) 2016

SKAL LYTTE: Leiar av valkomiteen i KrF, Solveig Ege Tengesdal, seier dei vil legge vekt på kva fylkeslaga meiner om kven som bør leie partiet.

Foto: Erik Sergio Auklend / NRK

Ho seier dei vil legge vekt på råda frå fylka.

– Det har sjølvsagt betydning kva anbefalingar som kjem frå fylkeslaga, men valkomiteen vil likevel freiste å ta alle omsyn. Både leiinga og sentralstyret må samsvare med det partiet KrF ynskjer å vere, seier Tengesdal.

Valkomiteen vil ha innstillinga klar i midten av mars.