Hopp til innhold

Fleire fødde i Nordfjord

Nordfjord Sjukehus har hatt ein auke i talet på fødslar i år. 207 barn er fødde på fødeavdlinga i Eid hittil i år. Det er 10 fleire enn på same tid i fjor.

Frå fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus (arkivbilete)
Foto: NRK

Jordmor Merete Melheim seier det har vore særskilt mange fødslar i sommar.

I fjor var det totalt 260 fødslar på Nordfjordeid, og det var ein nedgang på 50 i høve til 2004.

Tidlegare i år vedtok styret i Helse Førde å legge ned fødeavdlinga, men dette vedtaket vart gjort om etter at Helse Vest sette foten ned.