Frå natt til onsdag og utover dagen stengde fleire av dei mest sentrale fjellovergangar i Sør-Noreg.
Torsdag føremiddag er situasjonen betra, men enno er det redusert trafikk som pregar fjellovergangane.
– Det er sterk vind og snøfokk som er problemet. Det ser ut til å betra seg i løpet av dagen, men ikkje før i ettermiddag, sa trafikkoperatør Marianne Hove vegtrafikksentralen til NRK torsdag morgon.
Dette er status i Sør-Noreg (oppdatert torsdag kl. 10):
- E16 Filefjell: Ope.
- Rv52 Hemsedalsfjellet: Ope.
- Rv7 Hardangervidda: Stengd.
- E134 Haukelifjell: Ope
- Rv15 Strynefjellet: Stengd.
- Rv13 Vikafjellet: Opent.
- Fv50 Hol-Aurland: Stengd.
- Fv53 Tyin-Årdal: Stengd. Ny vurdering kl 14.
– Vil ta seg opp utover dagen
Det er snøvêr og kraftig vind frå vest og nordvest som det siste døgeret har skapa problem i trafikken.
I tur og orden blei fjellovergangane Hol-Aurland på fv. 50, rv. 7 over Hardangervidda og fv. 53 mellom Tyin-Årdal stengde onsdag. Det same blei Strynefjellet på rv. 15.
Torsdag er situasjonen den same.
Onsdag klokka 15 bles det stiv kuling på Finse, med ei hastigheit på 20,6 meter i sekundet. Vinden auka gradvis utover dagen, og var venta å halde fram, ifølgje meteorolog Magnus Haukeland.
– Uvêret kjem til å halde fram. Vi har sendt ut snøfokkvarsel for fjellet i Sør-Noreg, og det er venta å vare til i morgon tidleg, seier Haukeland ved Vêrvarslinga på Vestlandet.
Vêret er verst i dei nordlegaste områda i Sør-Noreg. I Jølster var vinden oppe i 24,7 meter i sekundet, og Trolledalsegga i Eid kommune hadde full storm med vind opp i 26,5 meter i sekundet.
Fleire stader kan få full storm, ifølgje Haukeland.
BJØRNFJELL: E10 over Bjørnfjell er stengd på svensk side onsdag morgon.
Foto: Statens vegvesen, web-kameraBygevêr etter polart lågtrykk
I Nord-Noreg slo det polare lågtrykket inn over landsdelen tysdag kveld. Onsdag morgon var det stengt fleire stader, mellom anna E16 over Saltfjellet, Kvænangsfjellet, Sennalandet og Kråkmofjellet.
Her er det sterk vind og snøbyer som stenger fjellet.
– Det er stort sett snøbyevêr, som i Nordland vil minke utover dagen. I Troms og Finnmark skal det halda fram med kuling og snøbyer, seier Walløe.
Her er det stengd i Nord-Noreg (oppdatert torsdag kl. 10.15):
- E6 Saltfjellet: Kolonnekøyring
- E6 Kvænangsfjellet: Stengd
- E6 Sennalandet: Stengd. Ny vurdering kl. 12
- E6 Hatter: Stengd. Ny vurdering kl. 12
- E10 Bjørnfjell: Stengd på norsk og svensk side. Ny vurdering kl. 12
- E12 Umbukta: Ope
- Ev 69 Skarsvåg – Nordkapp: Stengd
- Rv 94 Kvalsund bru – Hammerfest: Stengd. Ny vurdering kl. 12.
- Fv. 98 Ifjordfjellet: Ope
- Fv. 888 Bekkarfjord – Hopseidet: Kolonnekøyring
- Fv. 889 Snefjord – Havøysund: Stengd. Ny vurdering kl. 13
- Fv. 890 Kongsfjordfjellet: Ope
- Fv. 891 Båtsfjordfjellet: Ope
SKREDFARE: Skredindikatoren frå varsom.no ligg på det høgste nivået fleire stader onsdag og torsdag.
Foto: varsom.no / SkjermdumpStor snøskredfare fleire stader
På Sør- og Austlandet er det for det meste venta opphaldsvêr med lite vind onsdag. I Trøndelag og Møre og Romsdal er det venta store nedbørsmengder det neste døgeret.
– Det gjeld spesielt frå Trondheimsfjorden til fylkesgrensa. I Trøndelag vil det variera mellom snø og regn, medan Møre og Romsdal får regn.
– Det er i det store og heile ein dag med mykje vêr, seier statsmeteorologen.
I Trøndelag, Trollheimen, Sunnmøre, Romsdal og Indre Fjordane er det varsla stor snøskredfare onsdag, med faregrad 4, ifølge varsom.no. Den indikerer omfattande ustabile forhold på grunn av nysnø og vind, og at naturleg utløyste skred kan forventast.
I Trollheimen og Romsdal gjeld farevarselet også torsdag.