Fleire ferjeavgangar over Sognefjorden
Frå 2026 ser Statens vegvesen føre seg fire ferjer og hyppigare avgangar over Sognefjorden. For å få det til vil dei oppgradere Oppedal ferjekai, skriv Avisa Nordhordland. For å få plass til den fjerde ferja, vil Vegvesenet bygge ei liggekai på Oppedal. Prosjektet er rekna å koste kring 81 millionar kroner, og Vegvesenet håpar Gulen kommune vil godkjenne reguleringsplanen allereie i år slik at dei kan starte bygginga vinteren 2024.