Hopp til innhold

Fleire farevarsel når ikkje turistane

Ikkje alle på tur får med seg farevarsla som vert sendt ut. – Folk må følge med sjølve, seier beredskapssjef.

Ikkje alle er klare over gule farevarsel

VÅTT I VÅTEDALEN: – Eg er van med regnet og er ikkje redd for at vogna skal reise på elva, fortel Marc Daniel Barone. Franskmannen har budd i Noreg ei årrekkje og hadde god oversikt over vêrmeldingane.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Spektakulær norsk natur lokkar turistar i hopetal til landet kvar sommar.

Men spektakulær natur kan vere lunefull og berre i sommar har NVE sendt ut fleire farevarsel om flaum og skredfare.

– Dette visste ikkje vi, fortel Kirst og Daniel Schmidt, fire av dei ti dagane dei tyske turistane har heldt til i landet har dei fått kjenne friskt vestlandsregn.

Men farevarselet om flaum og jordskredfare i området dei ferierer i, hadde ingen fortalt dei om.

– Av og til er det like greitt å ikkje vite, og nyte reisa, ler Kirst.

Var ikkje klar over at det var ute farevarsel

VÅTT: Ein fuktig norsk sommar har ikkje fått paret frå å feriere i landet.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Må følge med sjølve

Ved gule farevarsel er det avgrensa kor mykje kommunar og lokale myndigheiter kan varsle, er beskjeden frå beredskapssjefen i Vestland fylke.

– Det er i stor grad basert på at folk må følge med sjølve, seier fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand.

Han viser til at folk må abonnere på nyheits- og farevarsel og håper at bedrifter sjølve er med å spreie bodskapen til turistane om det som kan vere farlege forhold.

Varslingssystem i vente

Med dagens ordningar tilseier våre erfaringar så langt, at det dessverre ikkje er mogleg å nå ut til alle med denne typen informasjon, seier fungerande direktør i DSB, Johan Marius Ly.

Han meiner at turistkommunar er opptekne av å varsle godt.

Men innan utgangen av året har DSB fått i oppdrag å opprette ei mobilbasert varslingsteneste.

I dag er det mogleg å varsle alle innanfor eit geografisk område med SMS, sokalla lokasjonsbasert varsling slik kommunar og Helsedirektoratet gjorde under pandemien.

Men det nye systemet skal bruke sokalla «Cell Broadcast» teknologi. Som kan varsle alle telefonar som er kopla til mobilnettet i eit område.

Oslo kommune har hatt eit system for SMS-varsling i fleire år. I Rogaland var Strand kommune uroa over at SMS-varsel om farlege forhold berre nådde dei som hadde telefonen registrert i kommunen.

Etterlyste retningsliner

Datatilsynet etterlyste i fjor eit klarare regelverk for befolkningsvarsling, mellom anna for kor høg terskelen for varsling skal vere.

Det er viktig å vurdere personvernkonsekvensane når ein no skal velje og forme ei ny løysing for mobilbasert varslingssystem i Noreg, seier Anders Obrestad, juridisk seniorrådgivar i Datatilsynet.

Han legg til at dei kjem til å følge prosessen vidare.

Les også Brannsjef fortvilar – får ikkje varsla turistane om brannfare

Brannsjef i Stryn John Jatgeir Vinsrygg

Det venta varslingssystemet er tilrettelagt akutte hendingar, fortel Johan Marius Ly.

Løysinga skal vere eit supplement til dagens tyfonvarsling, og skal nyttast ved fare eller akutte hendingar som trugar liv og helse, og der det eksempelvis er nødvendig med evakuering eller å søke dekning.