Fleire bombrikker enn rekna med

Den første månaden med bomring i Førde var trafikken 15 prosent større enn rekna med. Likevel er inntektene mindre enn venta, skriv Firda. Årsaka er at fleire enn rekna med har skaffa seg bombrikke. 80 prosent av passeringane har vore med brikke. Styreleiar Oddvar Flæte meiner det ikkje er grunn til uro sjølv om inntektene er mindre enn venta.