Hopp til innhold

Fleire års ventetid er over

Rusposten på Nordfjordeid vil bli opna og det vil skje raskt. Det fastslår både Helse Vest og styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg.

Ny ruspost står ubrukt

TOMME LOKALER: Rusposten stod ferdig i 2009. Først no kan den bli opna.

Foto: Nyhetsspiller

– Det som er sikkert er at rusposten på Eid vert opna, seier Øberg.

Dermed er årevis med dragkamp og ventetid over. Rusposten for unge misbrukarar har stått tom sidan bygget stod ferdig i 2009.

Seinast for nokre veker sidan sa styret at det ikkje fanst pengar, trass i at regjeringa har pålagt Helse Førde å starte opp.

Men no kjem finansieringa på plass, meiner Clara Øberg.

Fekk brev frå ministeren

Det topp moderne rustilbodet på Nordfjordeid til 23 millionar kroner stod klar til bruk i 2009. Sidan då har Helse Førde slite med å finne pengar til dei årlege driftutgiftene.

Clara Øberg

LOVAR OPNING: Styreleiar Clara Øberg.

Foto: NRK

– På rusposten tek ein sikte på varige arbeidsplassar og varige behandlingstilbod, seier Øberg.

For kort tid tilbake sendte helseministeren brev til Helse Vest der det ifylgje Clara Øberg kjem klarsignal for at delar av omstillingsmidlane til Nordfjord sjukehus kan brukast til å få i gang og drive rusposten i ein oppstartfase.

Når Helse Vest i tillegg opnar for å vere med å delfinansiere drifta er all tvil frå tidlegare i sommar vekke.

Helse Vest vil bidra

Nordfjord sjukehus har fått 25 millionar kroner i omstillingsmidlar i tre år framover, medan rusposten vil koste vel 20 millionar kroner i året.

Administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilsen, er klar på at rusposten skal bli opna. Naudsynte prosessar vil starte rett etter ferien.

– Desse 25 millionar kronene vil ikkje kunne nyttast i sin heilskap til rusposten, så vi må sikre ei anna finansieringskjelde også, seier Nilsen.

Herlof Nilsen

VIL BIDRA: Adm. dir. i Helse Vest Herlof Nilsen

Foto: Vidar Gudvangen

– Så får vi heller kome tilbake og sjå kor mykje pengar det dreier seg om i 2011, og korleis det eventuelt vert i 2012, seier Nilsen.

Nilsen seier til NRK at i framtida må rusposten dekkast over Helse Førde sitt budsjett.

– Men det kan vere aktuelt at Helse Vest bidrege i ein overgongsfase, seier han.

Med foten på gasspedalen

Øberg lovar å stå klar med foten på gasspedalen så snart avklaringane er på plass.

– Eg tenkjer at vi kan begynne på rusposten veldig fort. Vi må berre vente på ei avklaring frå eigar, og dei må få ei avklaring frå helsedepartementet, seier Øberg.