Uvanleg mykje snø i fjella, kombinert med bråhøg sommartemperatur, vil føre til stor snømelting og høg vassføring.
I varselet frå NVE står det at "i høgfjellsvassdrag med mykje snø, er det venta svært stor snøsmelting og raskt stigande vassføring til nivå noko under 5-års flaum".
Liten fare
Dersom nedbørsmengdene blir låge, som varsla, er det liten fare for skadeflaum. Det seier seniorrådgjevar Ivar Segrov i NVE. Men det som er avgjerande, er at magasin i regulerte vassdrag kan ta av for trykket.
Om ikkje elvane var regulerte kunne situasjonen blitt langt meir dramatisk, til dømes i Lærdal, der det er meldt meir enn 25 grader på søndag.