I høgloftet til geitefjøsen – midt i flaumstore Fortunselva – stod 13 innestengde geiter.
Brannvesenet måtte krysse to flaumstore elver for å redde ut geitene i Fortunsdalen. Dei tok seg fram til fjøsen med gummibåt. Der sagde dei hol i veggen, og redda geitene ut og inn til land.
– Alt gjekk bra, men det var litt dramatisk. Den siste geita for på elva, men klarte å svømme inn mot land, seier geitebonde Torkjell Sollesnes.
Det var heilt på grensa til at fjøsen igjen starta å bevege seg. Før aksjonen flytta geitefjøsen seg 50 meter og snurra 180 grader rundt. I tillegg var låvebrua vekke. Geitebonden var fortvila vitne til dramatikken som fann stad i Fortunsdalen i Luster.
– Kjensla av å sjå at du ikkje kan gjere noko for å hjelpe geitene er tung. Eg måtte berre tru at det ville ordna seg. Det mest trykkande hadde vore dersom dyr ramla utfor. Sidan låvebrua var vekke stod det ope, slik at geiter kunne ha ramla rett i straumen, sa ein gråtkjøvd Torkjell Sollesnes då bergingsaksjonen gjekk føre seg.
Flyt rundballar og tømmerstokkar
No er han glad og letta over at dyra er redda, men sjølv kjem han seg ikkje av flekken. Vatnet har berre fortsett å stige.
– Heile dalen er ei einaste stor elv. Det flyt tømmerstokkar, ved, rundballar og lause gjenstandar rundt. Og vi kjem oss i alle fall ikkje herifrå, seier geitebonden.
Då han skulle redde ut ein bukk i ein annan fjøs på garden nådde vatnet han til livet. Og då gjekk han på vegen.
– Ein kan i alle fall legge på ein meter der elveleiet skulle ha vore, seier han.
Buldringa som folket i dalen høyrde i går kveld og i natt varsla at noko var i vente. I natt var folk på geitegarden nede for å ta geitene opp frå den nedste etasjen i fjøsen.
Då arbeidet var ferdig stod underetasjen ein halvmeter under vatn.
– Eg skulle ned att med vatn, men før eg kom så langt, kom det seglande noko som likna på låvebrua frå geitefjøset. Då hadde geitefjøset segla 50 meter med flaumen og snudd seg 180 grader, fortel Sollesnes.
30 personar er isolerte
På den same garden er også 17 born og vaksne som ikkje kjem seg frå flekken.
– Vi ser berre den utrulege flaumen. Det er sikkert meir enn eg trur, men eg ser i alle fall eit par hundre meter med vatn, seier Terje Valestrand som er på geitegarden til Sollesnes saman med 17 born og vaksne.
– Vi kjem oss ikkje herifrå og mange av oss skal tilbake til Bergen for jobb og skule i morgon, seier Terje Vatlestad.
Det kraftige regnet som har herja vestlandet i natt har fått mange og store konsekvensar. Vegar er stengde og folk er isolerte fleire stader.
Lusterordførar Ivar Kvalen seier at situasjonen er dramatisk både i Mørkridsdalen og Fortunsdalen. I alt er kring 30 personar isolerte. I natt vart ein familie evakuert i Fortunsdalen, medan fleire hus står i fare for å bli tekne i Mørkridsdalen.
Kommunen har kriseberedskapen klar.
– Om elvane stig ytterlegare så vil det vere dramatisk. Vi følgjer situasjonen tett og har god dialog med Statkraft og Hydro som har god kontroll på nedbørsområde. Vi snakkar også med NVE. Det er kombinasjon av snø i fjellet og høg temperatur som gjer denne flaumen. Det har vore oppe i 18 grader, seier Kvalen.