Hopp til innhold

Bønder må på fôrjakt etter at flaumen tok rundballane

I Luster må bønder leite etter nytt fôr etter ein sesong som allereie har vore vanskeleg. – Forferdeleg vanskeleg, seier bondelagsleiar Andreas Wiese.

Andreas Wiese

VANSKELEG: Andreas Wiese er leiar i Luster bondelag og har sjølv mista mange rundballar.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– I eit år der me starta me tørke og fekk veldig lite avling, så er det forferdeleg vanskeleg at det litle av avlinga vi fekk berga no forsvinn, seier Andreas Wiese, leiar i Luster bondelag.

Han manglar rundt femten rundballar, men er ikkje den som er hardast råka lang med Mørkridselva på Bolstad.

– Andre mista 30–40 rundballar i eit jafs då elva gjekk over breidda. Så det er klart at det er dramatisk for enkelte. I alt er 400-500 rundballar vekke, seier han.

Store mengder fôr vekke

Luster kommune var blant dei hardast råka områda i landet denne helga etter at uvêret slo inn over Vestlandet. Konsekvensane etter flaumen byrjar allereie å vise seg.

– Det er sørgeleg å sjå, vemodig. Men akkurat her vi står no, så kunne vi ha frykta at det skulle ha vore verre. Men vi har vore heldige og fått elva forsterka og fornya i fjor. Det har nok berga mykje, seier han.

Først skal dei vurdere skadane for å sjå kva som må gjerast. Så står neste problem for tur: Finne og erstatte fôr til dyra.

– Det her må vi klare å løyse. Me må brette opp ermene og byrje, seier Wiese og legg til at slakting er siste utveg.

– Vi må sjå på alle andre moglegheiter. I den grad enkelte er hardt råka, så må vi få til ein solidaritetsaksjon så vi får dette til å gå ihop denne vinteren her.

STORE SKADAR: Flaumen har ført til store skadar på landbrukseigedom i Luster i Sogn.

Situasjonen er betre, men framleis farleg

Mørkridselva er på veg tilbake, men det er framleis farleg langs kanten.

– Statusen er at elva har gått betydeleg ned sidan i går og ting byrjar å roe seg. Men det som framleis er problemet er at ho grev seg vidare inn i elvekanten. Utrasing kjem altså til å fortsetje, seier seksjonssjef i NVE, Aart Verhage.

– Er det ei åtvaring til folk som vil nærme seg elvekantane?

– Ja, absolutt, og ikkje berre i dag, men i fleire veker framover, seier han.

Med seg på laget får han også Kystvakta. Dei patruljerer inne i Sognefjorden for å hjelpe til i oppryddinga.

NVE ventar at vassdraga skal synke i løpet av dagen, men at det kjem til å ta lang tid før dei er på sitt normale. Flaumvarselet ligg for det meste på gult nivå i Sogn og Fjordane, med unntak av delar av Stryn.

I ein tidlegare utgåve av nettsaka stod det at bønder måtte slakte etter at flaumen reiste med fleire hundre rundballar. Så dramatisk er ikkje situasjonen. NRK beklagar.

HARDT RÅKA: Luster er ein av kommuane som er hardast råka av flaumen.

Andreas Wiese på den øydelagde vegen
Foto: Benedikte Grov / NRK