Hopp til innhold

Flaumen raserte skisenteret – no kan dei snart opne att

JØLSTER (NRK) Få månader etter at flaumen gjorde store skadar på Jølster skisenter, kan Even Hole ta imot dei første skientusiastane.

Even Hole

_– Det blir gledeleg for alle som har vore involverte, strålar Even Hole over tanken av å sjå skiglade i Jølster skisenter denne helga_

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Vi har hatt blå himmel og gunstige forhold for å lage snø, seier Even Hole, dagleg leiar ved Jølster skisenter.

Han trakkar over fast, kvit grunn. Snøkanonane har gjort jobben dei siste dagane. Snart er Hole klar til å ta imot ungane som skal teste skibakken for første gong denne sesongen.

Jølster skisenter

GRATISHELG: I helga blir Bjørkelia på Jølster open for alle som vil teste slalåmskia.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Det hadde han ikkje trudd for nokre månader sidan.

– Vi hadde eit mål om å få det ferdig til jul, men no er vi ein månad før tida. Vi har jobba fortare dess meir vi har sett på vêrmeldingane. No er vi berre glade for at vi er komne så langt som vi er, seier han.

Fekk store skadar

Då flaumen herja i Jølster i sommar, fekk også skisenteret store skadar. Men med mange arbeidstimar, dugnadsinnsats og rause pengegåver har dei kome på beina att.

Jølster skisenter

ARBEIDER: Dei viktigaste skadane er reparerte etter flaumen i sommar.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Blant det mest kritiske som vart skadd, var demninga som forsyner kunstnøproduksjonen med vatn.

– Det var eigentleg berre å lokalisere det som var øydelagt, og prioritere kva som måtte gjerast for å halde oppe aktiviteten, seier Hole.

Sogn opnar i desember

Også andre stader nærmar dei seg sesongstart. På Voss opnar skisenteret laurdag, noko som er rekordtidleg.

Også ved Sogn Skisenteret på Hafslo i Luster går snøkanonane. Her håpar dei å opne i første halvdel av desember.

– Då trenger vi kuldegrader, men også vatn er ein kritisk faktor. Det vesle vatnet vi har, må brukast i dei gode kuldeperiodane. Så ventar vi, som alle andre, på snø frå oven, seier dagleg leiar Runar Tørvi.

Skal teste bakken

Også i Jølster må dei vente ei stund før dei kan opne heile anlegget.

Laurdag opnar dei barnetrekket, også kalla Hauglandsheisen, og delar av Kvamsheisen. Då er også Hole klar til å teste bakken.

– Eg må prøve meg litt. Det kriblar litt i ein gammal krok, humrar Hole.