Hopp til innhold

Flaumen: – Ser betre ut i dag

Flaumfaren i utsette vassdrag er framleis ikkje over, men NVE seier at fleire av dei oransje varsla vil bli gradert ned i løpet av dagen.

Høy vannstand, men rolig i Gudbrandsdalen

ROLEG: Gudbrandsdalslågen flyt roleg gjennom landskapet tysdag og vil etter kvart søkke igjen.

Foto: Knut Røsrud / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

SISTE NVE KL. 1130:

  • Det er tysdag føremiddag gult flaumvarsel for Nordland, Trøndelag og vestlege deler av Sør-Noreg i tillegg til Mjøsa og Vorma.
  • Oransje varsel om flaum gjeld Ottadalen og Gudbrandsdalslågen.
  • Varsla gjeld til og med torsdag morgon.

I ettermiddag kjem derimot NVE med ei ny oppdatering på korleis flaumen vil utvikle seg i dagane som kjem. Allereie nå kan det sjå ljosare ut enn det gjorde i går.

– Generelt kan vi seie at fleire av varsla som no er oransje vil bli gule i løpet av dagen, seier vakthavande hydrolog i NVE, Erik Holmqvist.

Alt avheng sjølvsagt av været, men det er meldt sol og fine temperaturar framover. Eit unntak er varmen som kjem om eit par dagar. Den vil sette fart på snøsmeltinga, utan at NVE er kraftig uroa for det no.

Mjøsa vil stige

Toril Hofshagen

PÅ TUR NED: Toril Hofshagen i NVE seier vêret taler til fordel for at flaumen ikkje skal vekse dei neste dagane.

Foto: NVE

Sjølv om flaumtoppen er nådd i elvane, vil vatnet sige ned mot innsjøane, blant dei Mjøsa. Der vil truleg det gule nivået bli endra til oransje i løpet av nokre dagar.

– Det er masse vatn ein del stader?

– Ja, det er masse vatn! Nedover Gudbrandsdalen er det store areal som er overfløymde og Mjøsa har stige 12 centimeter siste døgn og vi ventar ei stigning på mellom 30 og 70 centimeter den kommande veka, seier Toril Hofshagen, regiondirektør i NVE.

– Kva slags forholdsreglar bør folk ta?

– Vi har varsla lenge at vi risikerte stor vårflaum i år, så folk som bur utsett til bør jo i god tid ha rydda unna materiell og verdiar som er i faresona, og no som vi har flaumstore elvar og bekker er det veldig viktig å halde seg på trygg avstand og ikkje ta nokon sjansar.

Har bede om hjelp

Ein av dei som blei hardt råka av flaumen er Jostein Strøm som eig Øya økocamp i Skjåk. Måndag stod vatnet opp til veggen på hyttene.

Han har bede om tiltak frå styresmaktene for å hindre skadeflaum, men dei seier nei.

– Det er enormt med stein i elva og elva er heilt annleis enn før. Det er veldig vanskeleg å få gehør hos ansvarlege styresmakter for å ta ut stein frå elveløpet, seier Strøm.

Både fylkesmannen og NVE meiner det å ta ut stein ikkje har nokon god effekt.

– Det kan hende dei har rett, men for meg hadde det vore eit billeg og enkelt alternativ.

Jostein Strøm, innehaver Øya Økocamp i Skjåk

KREV RYDDING: Jostein Strøm eig Øya Økocamp i Skjåk. Han meiner at Ottadalselva burde ha vore rydda for å hindre flaum.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Faren er ikkje over

– Situasjonen no er at det framleis er flaum i fleire vassdrag frå Nordland og sørover. I Ottavassdraget og i fleire vassdrag som renn mot vest, er det høgt på skalaen for oransje farevarsel.

Det sa vakthavande hydrolog i NVE, Erik Holmqvist, til NRK måndag ettermiddag.

Han har ei klar oppmoding til dei som kanskje ikkje er vant med å ferdast langs dei råka vassdraga.

– Det du skal vere obs på er at det er spektakulære vassdrag og flotte fossar. Men å gå for nær breidda på flaumstore elver er forbunde med fare. Det kan vere ustabilt langs elveløpa.

Han seier at flaumfaren vil gå ned i løpet av dei næraste dagane, men auka snøsmelting vil føre til mykje vatn.

Overvakar vassdraga

Fjellkommunar som Sel, Skjåk og Stryn er blant dei hardast råka denne gongen.

– Førebels er det ikkje registrert skader, men vatnet er byrja å gå over kumlokka i Otta sentrum. Det kan bli skader, sa ordførar i Sel kommune, Eldri Siem.

Alle dei flaumstore vassdraga blir no nøye overvaka og mykje folk er ute på jobb for å sørge for at flaumen går så skadefritt som råd er.

– Vi har gjort avtale med entreprenørar som står klare til å hjelpe til, seier Siem.

Flom
Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix
Store vassmengder fører til flaum i fleire vassdrag frå Nordland og sørover.

Avling under vatn

I Stryn har Anders Kleppe har kjempa mot klokka for å få i hus det meste av graset til husdyra før flaumen velta innover bøane.

Men like fullt står no delar av avlinga under vatn, i tillegg til store åkrar der det er sådd nytt gras.

Tørken gjer at mange bønder på Vestlandet ynskjer regn, men faren er at det også kan auke risikoen for flaum.

– Vi får berre vente på og sjå. Eg har gjort alt eg kan for å berge avling og verdiar, seier Kleppe.

Anders Kleppe må bu seg på at flaumen i Stryn vil vekse seg endå kraftigare.

SPENT: Anders Kleppe må bu seg på at flaumen i Stryn vil vekse seg endå kraftigare. Måndag morgon har elva stige endå meir.

Foto: Raymond Lidal / NRK

FØLGJER NØYE MED: Ordførar i Sel, Eldri Siem (Sp) framfor ei flaumstor elv i Otta måndag.