Hopp til innhold

Flaumen gjorde stor skade på nasjonal turistveg

Den populære turistvegen over Sognefjellet blei hardt råka av flaumen som herja i Indre Sogn og Ottadalen.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet

OMFATTANDE: Fylkesveg 55 over Sognefjellet fekk gjennomgå under flaumen i helga.

Foto: Statens vegvesen

– Elva gjorde større skade på to punkt på fylkesveg 55 over Sognefjellet. Vi håpar å vere komne langt med reparasjonane om tre veker.

Det seier seksjonsleiar Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen om skadane som i helga vart påført den nasjonale turistvegen mellom Sogndal og Lom.

Fylkesveg 55 Røisheim nær Flå bru

VASKA VEKK: Vegen over Sognefjellet må reparerast fleire stader etter flaumen i helga.

Elva har gjort skade på kring 300 meter av fylkesveg 55 over Sognefjellet. Reisande kan bu seg på vekevis med redusert framkome.

– Halve køyrebana på to punkt i Bøverdalen er borte. Det går fint å passere på innsida, men det er ein del jobb å bygge det opp att, seier Stensrud.

20 personar isolerte

Flaumstore elvar viste ingen nåde mot verken hus, mark eller vegar i helga. Både i Skjåk og Lom fekk vegnettet gjennomgå. Det same gjorde brua over elva Opo i Odda.

SJÅ VIDEO: NRK var måndag over dei flaumråka dalane i Luster med helikopter.

I Sogn og Fjordane gjekk det hardt utover fylkesvegane til Mørkridsdalen og Fortunsdalen i Luster. Her er framleis over 20 personar isolerte .

Ivar Kvalen

STENGT: Ordførar Ivar Kvalen ved Bolstad, inngangen til Mørkridsdalen i Luster.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– I går føremiddag var vegen intakt. No er 30–40 meter av vegen rasa ut. Truleg reiser meir, men her har vi omkøyringsmoglegheit, seier ordførar Ivar Kvalen (Sp) ved Bolstad.

Lenger framme i Mørkridsdalen kan sju bebuarar bu seg på lang tid utan bilveg.

– Der er 300–400 meter fylkeskommunal veg og fleire hundre meter kommunal veg vaska vekk, seier Kvalen.

Ein kilometer veg

Statens vegvesen har førebels ikkje fått rekna på kor mykje det vil koste å reparere skadane, men skadane er enkelte stader så store at politiet har lagt ned ferdselsforbod .

Vegen til Mørkrid i Luster

RASERT: Naturkreftene tok med seg kring 600 meter av vegen til Mørkrid i Luster.

Foto: Terje Anton Gudmundsson

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier at flaumen gjorde skade på kring 300 meter av vegen til Fortunsdalen og 700 meter til Mørkridsdalen.

– Det mest aktuelle er å byggje opp att vegen i Fortunsdalen. Når det gjeld Mørkridsdalen er det litt meir omfattande skader. Der er ein del av vegen heilt vekke, så her må ein legge om vegen mellombels, seier Finden og legg til at tidsaspektet førebels er uvisst.

Reiv vekk brupilar

Kommunikasjonsrådgjevar Kari Hermanrud i Statens vegvesen fortel om omfattande skader i Oppland.

I tillegg til bilvegnettet, er gang- og sykkelvegen langs E6 mellom Solhjem og Otta framleis stengd.

Også reisande i Oppland kan bu seg på veker med redusert framkome.

– Det som er sikkert, er at fylkesveg 55 over Sognefjellet har fått mykje skade, men at det vil ta lengst tid å få reparert Marlo Bru i Skjåk. Der er ein av brupilarane rett og slett borte, seier Hermanrud.