Hopp til innhold

Flaum stengde vegen

Høg vassføring i elva Jostedøla stengde riksvegen og førte til innstilt turistbåt onsdag kveld.

Flaum i Jostedalen

Vegvesenet valde å stengje riksvegen onsdag kveld.

Foto: Iren Vatne

Riksvegen gjennom Jostedalen vart stengd klokka 17 onsdag då elva rann over vegen fleire stader mellom Alsmo og Gaupne.

Store nedbørsmengder

Vatnet stod 20 centimeter over vegbana. Riksveg 604 vart opna igjen for fri ferdsel litt før klokka halv ti onsdag kveld.

Årsaka til flaumen i elva Jostedøla er kraftig nedbør. 

Dei store vassmengdene førte også til at båten som frakter turistar på Nigardsvatnet måtte innstillast.

- Dramatisk

Reiselivssjef Iren Vatne i Luster og Sogndal var augevitne til flaumen og syntest det heile verka ganske dramatisk.

- Eg vart møtt av vatn over heile vegen. Det såg ganske dramatisk ut. Turistar som kom i bubilar og bussar var store i augene. Dei såg spente ut, fortel ho.

Turistane kom seg ikkje fram

Og for Vatne vart det ein noko skuffande dag. På grunn av flaumen måtte turistane hennar godta at det enkelte stader rett og slett ikkje gjekk an å kome seg fram.

- Eg vart uroa då eg høyrde at brebåten ikkje gjekk på grunn av vasstand, og i tillegg var det vanskeleg å få tak i hotellrom. Det vart jo litt ekstra då vegen vart sperra og folk kom seg verken fram eller tilbake, seier Vatne.

Tredje høgste flaumen

Hydrolog Leif Johnny Bogetveit i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) var i Jostedalen onsdag kveld. Ved utløpet av Nigardsvatnet målte han den tredje største flaumen på 45 år. Berre i 1979 og 1997 var vasstanden større.

Åtvarar mot flaum

NVE sende onsdag ut åtvaring om flaum. Dei venta då framleis enkelte intense regnbyer utover kvelden og natta.

- Vassføringa i bekkar og mindre vassdrag kan auke raskt med fare for lokal flaum. Bratte sideelvar og urbane område er mest utsette. I enkelte breelvar er det alt vassføring omkring femårs-flaum. Ny nedbør kan føre til auka vassføring også her, heiter det i pressemeldinga som vart sendt ut klokka 18 onsdag.

Fare for jordras

NVE åtvarar også mot at den kraftige nedbøren kan auke faren for jordras.

- Det er venta mindre nedbør torsdag, men frå torsdag kveld og natt til fredag er igjen venta store nedbørsmengder i området, melder NVE.