Hopp til innhold

Elvar fløymer over og Voss herad har sett krisestab

Vassføringa på Voss er verre enn 50-årsflaum. Det har kome inn vatn i fleire bygningar.

Flom i Voss

FLAUM: Feira stader i Voss er flaumen verre enn 50-årsflaum. På Vossevangen har elva flauma over og inn i bygningar.

Foto: Hans-Erik Ringkjøb

SISTE: E16 er stengt fleire stadar mellom Voss og Trengereid på grunn av flaum. Fylkesveg 5410 mellom Mæstad- Langeland, Teigdalen er stengd. Riksveg 13 Bjotveit i Ullensvang er stengt på grunn av jordras. Rv 13. Langebrua i Voss sentrum er stengt på grunn av høg vassføring.

På E16 dekker elva heile vegbanen fleire stader. E16 ved Bolstadtunnelen er stengt på grunn av melding om flaum i tunnelen.

Ved 20-tida stig vatnet fleire plassar på Evanger og på Voss. Toppen er venta laurdag formiddag, ifølgje Hans-Erik Ringkjøb (Ap), ordførar i Voss herad.

Flom på Voss

Flaum på Vossevangen, her ved MG Restuarant og Pub som har har fått vatn inn.

Flom på Voss

Flaum på Voss.

Flom på Voss

Flaum på Voss.

Voss kulturhus

Kulturhuset på Voss.

Vassføringa på Vossavangen er no verre enn 50-årsflaum.

Noregs vassdrag- og energidirektorat varslar like høg vasstand som oktoberflaumen i 2014.

Politiet oppmodar no folk om å halde seg inne, med mindre det er strengt naudsynt å gå ut.

– Politiet ber folk i utsette område om vere varsame, seier operasjonsleiar Jørgen Ommedal i ein pressemelding.

Ordførar: – Kan ikkje seie vi har kontroll

Fire personar blei evakuert frå ein einebustad i Teigdalen i Voss herad fredag ettermiddag. Vatn frå ei elv renn rundt huset og det har kome vatn inn ii kjellaren. Familien blei evakuert med traktor.

Huset står no på ei eiga halvøy.

Vatnet trugar også ein driftsbygning med rundt 80 sauer på tomta. Dei har fått mat og har det bra.

Teigdalen, flom

Flaum i Teigdalen heime hos Kjell Vassenden.

Foto: Privat

– Det er fyrste gong det er så ekstremt som det her, seier Kjell Vassenden, som er evakuert.

Monika Bjørsvik jobbar iherdig med å berge Voss landhandleri på Evanger.

– Alt på golvet er teke opp i frykt for at det skal komme vatn inn, seier ho til NRK.

Monika Bjørsvik sin butikk på Voss er truet av vannet

Voss landhandleri på Evanger.

Foto: Monika Bjørsvik

Voss herad har sett kommunal kriseleiing for å takla situasjonen, opplyser ordførar Ringkjøb.

Alt av tilgjengeleg mannskap er ute og sikrar bygningar. Vatnet ved kulturhuset på Voss er nesten i veg på å flaume inn.

– Vatn stig. Det er siste sjanse for å redda kulturhuset, seier Ringkjøb.

Voss herad har auka beredskap innan teknisk drift og bygg og eigedom, og fylgjer situasjonen tett utover.

Har de kontroll?

Nei, vi har aldri heilt kontroll i slike situasjonar når ting endrar seg heile tida, så det kan me ikkje seie at me har. Men vi har ein oversikt over kva som skjer, seier Ringkjøb til NRK.

Flaum på Voss, Kulturhuset

Vangsvatnet er no berre meter unna Voss kulturhus.

Foto: Jon Arvid Himle

Trykket i Tvindefossen i Voss herad er svært høgt fredag.

– Eg har vore der ofte ved store nedbørsmengder. I dag var det spesielt, eit vanvitig trykk og krefter som eg vanskeleg kan beskrive, skriv Erik Østlie til NRK.

Vannvittig trygg i Tvindefossen.

Høgt trykk i Tvindefossen i Voss herad.

Stigande vassføring

– Vi følgjer særleg med på utviklinga i Vangsvatnet i Voss. Her er vasstanden allereie på raudt nivå og ventast å stige ytterlegare utover kvelden og natta. Vi følgjer situasjonen tett. Hold deg unna vasskanten og flaumstore elver, seier vakthavande hydrolog i NVE Elise Trondsen.

Flaumen i vassdrag nord for Sognefjorden stig mest.

Følgjande vassføringstasjonar har raudt nivå fredag kl. 21:

  • Utla i Årdal
  • Bøyumselv i Fjærland
  • Vangsvatnet i Voss
  • Flåm bru i Aurland
  • Reinsnosvatn i Ullensvang

Naust og garasje tatt av ras i Masfjorden

I Masfjorden kommune gjekk eit svært stein- og jordras tretti meter frå eit bustadhus mellom Haugsvær og Solheim.

Store nedbørsmengder har ført til ras, flaum og stengde vegar i Vestland. På Haugsvær i Masfjorden tok eit steinras med seg både garasje og naust.

Store nedbørsmengder har ført til ras, flaum og stengde vegar i Vestland. På Haugsvær i Masfjorden tok eit steinras med seg både garasje og naust.

Ifølge politiet kom det kampesteinar «store som bilar». Vegen er stengt av raset. Eit naust og ein garasje er øydelagde.

Farevarselet om flaum er oppgradert til raudt nivå for midtre og indre deler av Vestland fylke. Det skriv Varsom.no.

– Dette er det øvste farenivået, fortel regionleiar i NVE, Aart Verhagen.

Moglege konsekvensar av uvêret kan vere omfattande overfløymingar, erosjonsskadar og flaumskadar på utsette stader. Vegar og bruer kan bli stengde.

Delar av Vestlandet er under raudt farevarsel for flaum.

Oransje og raudt farevarsel for flaum på Vestlandet.

Foto: Varsom.no

– Vi regnar med omfattande øydeleggingar på utsette stader, seier Verhagen.

Det raude farenivået er gyldig til laurdag.

– Vi rår alle til å halde seg unna bratt terreng, bekker og elveløp med stor vassføring. Og vurder om det er naudsynt å ferdast utandørs i dei utsette områda, understrekar Verhage.

Svært mye regn

Førebur seg i Flåm

I Flåm er det sette opp flaumsikring.

I 17-tida melder eit vitne på staden om at elva går over sine over sine bredder.

Flaumvern blir sett opp i Flåm.

Flaumvern i Flåm.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

– Alvorleg

Statsforvaltaren i Vestland har invitert kommunane og naudetatane til beredskapsmøte.

– Det er ein alvorleg ting, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

– Samstundes er eg ikkje uroa. Vi veit at kommunane, naudetatane og infrastrukturetatane har god trening i å handtere ein slik situasjon.

Fredag er det aktive farevarsel for både flaum, jord- og flaumskred og nedbør.

Seks vegar på Vestlandet er heilt stengde som følge av ras, fare for ras eller overvatn.

Følg utviklinga her:

Det er framleis venta mykje nedbør gjennom fredagsdøgnet, 50–80 mm, og lokalt kan det komme meir.

Vi ber trafikantane om å vere varsame med å ferdast på vegane. Om du ikkje må, så lat det vere, seier Svenn Finden, avdelingsdirektør for Drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Kampesteinar store som bilar

Anders Vågset er son til dei som bur i huset i Masfjorden rett ved raset. Sjølv bur han rett på andre sida av raset.

Anders Vågset i steinraset i Masfjorden.

Anders Vågset vakna av telefon frå foreldra som heldt på å bli treft av ras.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Vi vakna av ein kraftig suselyd, men forstod ikkje at det var ras. Det var ikkje buldring. Det var så mørkt at vi ikkje såg det. Men foreldra mine ringde og sa det hadde rasa og bad meg komme og hente dei.

Men raset hadde gått mellom dei to heimane, så han måtte snu.

– Det er store massar som har følgt elveløpet. Dei spreidde seg ut litt då dei nærma seg bustadhusa. Raset tok med seg ein garasje og eit naust. Naustet står halvvegs ute på sjøen, og garasjen er blitt skubba til sides og knust av steinmassane.

Vågset er svært glad for at raset ikkje råka huset til foreldra.

– Dei var jo heime så det var godt raset ikkje tok huset. Det følgde elva og svinga vekk frå tunet.

Steinras ved Haugsvær

Raset i Masfjorden gjekk mellom garden til Anders Vågset (bak i biletet) og husert til foreldra hans.

Foto: Marita Vågset

Då han ikkje kunne henta foreldra, vart det søstera som kunne hjelpa dei frå andre sida.

– Eg fekk telefon frå to forskrekka foreldre klokka tre i natt. Dei ville vekk. Så eg hoppa i kleda og køyrde med ein gong. Dei flytta heim til meg i natt, fortel Marita Vågset.

Broren meiner steinane må ha kome frå høgt oppe i gjelet.

– Elvefaret over husa ser ut som det har blitt tre gonger djupare enn det var.

Dei fortel at det tidlegare har gått eit stort snøskred der på slutten av 1970-talet.

Les også: Jobbar på spreng for å halde flaumen unna bustadhus

Slik såg det ut i Aurland omlag 16.30 i ettermiddag. Det gule huset står mest utsett til. To timar seinare står vatnet omlag 10. 15 cm oppover bygget.
Slik såg det ut i Aurland omlag 16.30 i ettermiddag. Det gule huset står mest utsett til. To timar seinare står vatnet omlag 10. 15 cm oppover bygget.

Frode Vågseth vakna av at ordføraren ringde og fortalde at det var gått ras hos naboen.

Han drog ut for å sjekke ut situasjonen for å melde tilbake til ordføraren.

Det såg jo heilt forferdeleg ut. Det er flaks at ikkje huset for, fortel han.

Skulebuss møtte ras

Mindre fylkesvegar vart stengde allereie torsdag grunna fare for ras. Utover torsdagen har Statens vegvesen fått fleire meldingar om overflatevatn på vegane i Vestland. Nokre stader har overvatnet vaska med seg mindre steinar i vegbana. Det har også gått fleire skred.

Eit ras ved Holmen like ved Hyen på fylkesveg 615 i Gloppen stenger vegen. Skulebussen møtte raset og måtte snu på den smale strekninga.

Sandane -Hyen, Like før Holme., i Hyen

Raset i Hyen går over vegen og stenger for passasje.

Foto: Morten Gjengedal

Torsdag kveld vart fleire stengd inne i bygda Menes etter ras.

Ras mellom Haugsvær og Solheim i Masfjorden
Foto: Anders Vågset
Det er raudt varsel for flaum og skredfare på Vestlandet. Store nedbørsmengder har allereie fått følgje for vegnettet og stor vassføring i elvane.

Farnes skule og Tangen skule i Årdal er stengde i dag. Det melder kommunen. Årsaka er dei venta nedbørsmengdene, samt ras på gangvegen i Utladalen og flaum fleire stader. I tillegg avgjorde den vidaregåande skulen i går å halde stengt i dag.

Kommunen er i høg beredskap etter raudt flaumvarsel og mykje vatn i elvane. Foto: NRK-tipser

Kommunen er i høg beredskap etter raudt flaumvarsel og mykje vatn i elvane. Foto: NRK-tipsar

Anleggsvegen inn til Blåsjø frå Mosvatnet i Suldal er stengt av ras. Store steinar stenger vegen mellom Øvre Moen og Oddatjørn. Vegen er stengt inntil vidare.

Veg stengt mellom Øvre Moen og Blåsjø i Suldal

Truleg må den største steinen i raset sprengast før vegen kan opnast igjen, seier Bjørn Sandvik i Statkraft i Suldal.

Foto: Håkon Førre Vanvik

– Vi har geolog på veg som skal vurdere faren for ytterlegare ras. Per nå vurderer vi det som utrygt å gå inn til raset, seier kraftverkssjef for Ulla-Førre, Bjørn Sandvik.

Det er Statkraft som eig vegen og er ansvarlege for oppryddinga. Ifølgje Sandvik må steinen truleg sprengast før han kan ryddast vekk.

Les også: Fryktar kulturminne kan gå tapt i flaumen: – Ein katastrofe

Flaum i Årdal
Flaum i Årdal