Hopp til innhold

Flaum og ras stengjer E39 i Nordfjord

Store mengder vatn, jord- og steinmassar har gått over E39 ved Skredestranda i Eid. Vegen blir ikkje opna att fredag.

Ras på E39 i Skredestranda

KOM SEG FORBI: Fleire bilførarar køyrde gjennom raset som kom brått på i skumringa fredag ettermiddag. Vegen er no stengd.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det eine køyrefeltet er sperra av raset. Det er komme ned ein god del steinmasse og også noko trevirke, fortel NRK-reporter Silje Guddal.

Ny vurdering i morgon

Guddal stoppa sjølv og sette på naudblinken ved rasstaden langs E39/riksveg 15 mellom Eid og Stryn. Det er 80 km/t fartsgrense på staden.

Statens vegvesen opplyser at E39 no er stengd og ikkje blir opna att i kveld. Ny vurdering blir gjort i morgon, laurdag, klokka 09.

Det blir skilta omkøyring frå Volda via ferjesambandet til Folkestad, og vidare på gamlevegen fv. 651 til Nordfjordeid. Det er også lokal omkøyring langs Panoramavegen mellom Lote og Svarstad.

Ras ved Skredestranda i Eid

RASET: Slik ser det ut ovanfor E39 i Skredestranda fredag ettermiddag.

Foto: Silje Guddal / NRK

Køyrde gjennom raset

– Ein kjem brått på raset. Det er fleire bilar i retning Stryn som har feid gjennom raset så vass- og steinspruten stod, med fare for skade på bilane. Det er vanskeleg å sjå raset når ein kjem i mørket, sa Guddal til NRK før Vegvesenet sin entreprenør stengde vegen.

Raset skal ha gått i same området som det tidlegare har gått fleire store skred.

Bil ved raset på Skredestranda

MYKJE VATN: Det har regna jamt og trutt i over eit døgn langs E39 og riksveg 15 gjennom Nordfjord.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vatnet fossar framleis ned langs raset og over vegbanen og vidare ned i Hornindalsvatnet. Langs E39 frå Eid til Stryn har det vore enorme mengder vatn. Sideelvane og grøftene som går langs vegen har uvanleg høg vasstand, seier Guddal som har køyrt etappen frå Nordfjordeid til Stryn.

I Sogn og Fjordane er også fv. 609 mellom Askvoll og Førde, ved Hundsåna, stengd grunna fare for ras. Ny vurdering her blir gjort laurdag klokka 09.

Fredag ettermiddag melder politiet i Sogn og Fjordane at også fylkesveg 615 i Gloppen er stengd grunna jordras:

Laster Twitter-innhold
Stengde vegar 27.11.2015