Hopp til innhold

Flåttsjuke utan ytre symptom

I haust er folk blitt sjuke av flåttbit utan dei vanlege symptoma på boreliasmitte.

Flått
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

I Bremanger er minst tre personar blitt sjuke på denne måten.

- Litt feber

Ein av dei er gardbrukar og hjortejeger Brynjar Myklebust frå Ålfoten som først ved blodprøve fann årsaka til at han var sjuk.

- Eg oppdaga ikkje at eg var sjuk anna enn at eg fekk litt feber og kjende med litt uvel, men ikkje noko av dei klassiske flåttsymptoma i mitt tilfelle. Eg trudde at dersom eg hadde fått boreliasmitte skulle eg sjå raude felt eller andre ytre teikn på at noko var gale, men det er tydeleg at det treng ikkje vere noko slikt.

Utan synlege utslag

Myklebust er ein av dei som er blitt sjuk av flått utan synlege utslag med opphovning eller raude merke rundt bitet nokre veker etter at flåtten beit seg fast.

Etter ein sommar og haust då uvanleg mange her i fylket er bitne av flått er difor dei klassiske symptoma på flåttbit ikkje lenger å stole på, seier Brynjar Myklebust.

- Burde ta blodprøve

- Eg har hatt mykje flått på meg og har passa på å få dei av så fort som eg oppdaga dei. Det eg merka det på var lett feber og ubehag og ujamn hjarterytme. Og så var eg til lege med bronkitt. Legen sa at eg absolutt burde ta ein blodprøve for å få sjekka meg sjølv om det ikkje var synlege ytre symptom.

- Sjekk nøye ungane!

No vil fleire han kjenner gå til lege for å få teke blodprøve. Og Brynjar Myklebust meiner foreldre bør vere nøye med å sjekke borna sine. Og flåttsesongen ser ut til å bli lengre for kvart år. Myklebust kjenner til folk som har fått flått på seg i desember.

Tre tilfelle

Kommunelege Ravi Kumar i Bremanger fortel at han kjenner til tre tilfelle der folk har vore smitta av flåttbit utan at det har vore dei vanlege ytre symptoma.

- Dei kan gå i fleire veker med litt feber og muskelsmerter og kanskje utslett. Når dei kjem på legekontoret tek vi prøver med tanke på andre infeksjonar. Når desse ikkje har vist noko har vi teke prøver med tanke på flåttsmitte, og i tre tilfelle har det vist seg å vere det.