Flaskehalsar set julehandel i spel

Pandemien er ikkje over, men fører til flaskehalsar i varehandelen. Ikea svarer med å sende konteinarar med tog frå Asia.

Konteinerskip venter i kø utenfor den sprengfulle havnen ved Los Angeles, 29. september 2021.

TETRIS NONSTOP: - Pandemien kan stikke kjeppar i hjula for årets julehandel. Michael Preysman samanliknar logistikkutfordringane med «å spele Tetris nonstop».

Foto: Mike Blake / Reuters
CO₂ i atmosfæren
413,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,0°C
Les mer  om klima

Stor etterspurnad, lang leveringstid, stengde fabrikkar og lite varer.

Pandemien nærmar seg slutten, men kan likevel stikke kjeppar i hjula for årets julehandel.

– Vi har tilfelle der leveringstida er seks til sju månadar, seier Steinar Aase hos elektrokjeda Power i Sunnfjord.

Han seier enkelte butikkhyller kan stå tomme til jul.

I fjor stod Noreg og andre land med få innbyggjarar sist i køen når merkevarer skulle fordelast til butikkane.

– Skal du vere sikker på å få julegåvene til jul, bør du bestille allereie no, seier Olav Chen i Storebrand til NRK.

Han legg til:

– Det er framleis mange flaskehalsar som har forplanta seg vidare etter pandemien.

Julegave

HALVT ÅR: – Vi har tilfelle der leveringstida er seks til sju månadar, seier Steinar Aase hos elektrokjeda Power i Sunnfjord.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Trur på fulle hyller

Ifølgje Dagens Næringsliv er julehandelen i fare på grunn av stengde fabrikkar i Vietnam og nye problem i forsyningskjedene frå Kina.

Michael Preysman er konsernsjef i den amerikanske tekstilkjeda Everlane. Til New York Times samanliknar han logistikkutfordringane med «å spele Tetris nonstop».

Over halvparten av alle Nike-sko produserast i Vietnam. Da Nike la fram kvartalsrapporten i september, falt aksjekursen med 6,2 prosent.

NRK har tidlegare skrive at Ikea har sett opp togtransport frå Asia til Europa. Selskapet har kjøpt tomme konteinarar og leid egne containerskip for å få henta varer.

– Situasjonen er den villaste eg har opplevd. Det var umogeleg at føresjå at pandemien ville ramme oss på denne måten, sa logistikksjef i Ikea Danmark Peter Langskov.

– Det ser ikkje ut til å bli betre, seier shippinganalytikar Bimco Peter Sand til DR.

Ikea på Leangen i Trondheim 1. februar 2021

TOG: Ikea har sett opp togtransport frå Asia til Europa. Selskapet har kjøpt tomme konteinarar og leid egne containerskip for å få henta varer.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Juleklar handelsnæring

Linda Vist, direktør for NHO Service og Handel, er meir optimistisk.

– Pandemien gir framleis nokre utfordringar, men signala er at butikkane vil vere fylte opp med varer og at forbrukarane vil møte ei juleklar handelsnæring.

I fjor var vekstraten på 16 prosent.

Vist trur årets handel vil markere seg som tidenes nest beste, med sterke tal.

– Mange har spart pengar under pandemien, og vil truleg unne seg litt ekstra under årets julehandel.

Ho legg til at store delar av julehandelen no blir gjort under tilbodsveka «black week» i slutten av november.

Overforbruk
Foto: Hanna Huglen Revheim / NRK

Svart dag for kloden

Anja Bakken Riise er leiar i Framtiden i våre hender.

Ho kallar shoppingveka som starta med Black Friday for «den svartaste dagen i året».

– Mange likar godt å kjøpe nye ting i julegåver. Men hugs at det er mykje fint du kan gi som ikkje er nytt, seier ho.

I snitt har nordmenn 359 plagg i skapet, og kvart femte plagg er ubrukt.

Bakken Riise trekk fram at jula er ei høgtid for kos og hygge, men også ei tid der vi aukar forbruket vårt betrakteleg.

– Det er dessverre ikkje bra for kloden vår. Snakk med familie og venner om forventningar om julegåver. Hør kva dei tenker om å få brukte gåver, seier ho.