Hopp til innhold

Flåm vandrarheim gjekk heilt til topps i gjev kåring

Flåm vandrarheim er tildelt utmerkinga som «Beste Vandrerhjem i Norge i 2011» under landsvertsmøte i Norske Vandrerhjem som vart halde på Lillehammer.

Flåm vandrarheim

TO GENERASJONAR: F.v. eigarane John og Marte Håland, og dei tidlegare eigarane og John sine foreldre, Gjertrud og Erling Håland.

Foto: © Susanne Debora Madsen

– Det er utruleg gledeleg. Vi hadde ei god kjensle, men at vi skulle gå heilt til topps, det var overraskande, seier eigar av Flåm Camping og Vandrarheim, John Håland.

Det er brukarar og medlemmer i Hostelling International som gjennom organisasjonens eige globale bestillingssystem har gitt Flåm vandrarheim høgast score i Norge.

– Det er dette vi jobbar for. Vi ønskjer at kundane våre skal vere så nøgde som mogleg, og det verkar det som dei er, seier Håland.

Hadde 8000 gjestedøgn i fjor

Flåm vandrarheim har oppnådd ein score på 93 prosent tilfredsheit.

Hostelling Internationals globale reservasjonssystem inneheld om lag 2000 vandreheimar, og i 2011 vart Flåm rangert som nummer 13 blant desse, basert på dei tilbakemeldingane som vart gitt i løpet av 2011.

Vandrarheimen er open frå 1. april og ut september. I 2011 hadde vandrarheimen i Flåm registrert over 8000 gjestedøgn på sine 80 senger.

Har flest utanlandske gjester

– Det er flest utanlandske turistar som nyttar vandrarheimen. Eg vil seie at om lag 85 prosent er frå utlandet, seier Håland.

Han eig verksemda i lag med kona Marte, og har teke over drifta etter sine foreldre som dreiv før.

– Dette er ei vassekte familiebedrift, no jobbar foreldra mine for meg, seier Håland, som snart er klar for ny sesong.

Også Balestrand vandrarheim rangerer høgt på den internasjonale lista. I 2011 vart Balestrand vandrarheim rangert som nummer 28, og oppnådde ein score på 90,8 prosent tilfredsheit.