Hopp til innhold

Nedrykket eit faktum for Kaupanger

For to år sidan jubla dei hemningslaust over opprykk. I dag deppa Kaupanger-damene etter nedrykket til 2. divisjon. – Vi skal ned og ta satsen for å komme knallsterkt tilbake. Vi skal heilt klart rett opp att, seier trenar Per Are Verlo.

Åshild Haugen

TAPTE: – Vi skulle gå hardt ut. Hadde ingenting å tape. Jentene la ned ei fantastisk innstilling og innsats, men det heldt ikkje, konstaterer Kaupanger-kaptein Åshild Haugen (t.v.).

Foto: Torben Stedje / NRK

Kaupanger-damene hadde ein ørliten sjanse til å berge plassen med siger i sesongens aller siste kamp.

Men borte mot Sandviken vart det til slutt 4-1 i favør av den suverene seriemeisteren.

– Det er aldri hyggeleg å rykkje ned. Vi hadde 1-1 til pause, og leverer ein av dei betre kampane vi har gjort i år. Spesielt i første omgang, seier trenar Per Are Verlo.

God haustsesong

Sjølv om jentene har levert ein god haustsesong, vart 17 poeng tre for lite. Laget enda nest sist. Og må ta heisen ned att etter berre to sesongar på nest øvste nivå.

– Det kjennest heilt forferdeleg ut. Det er det som er så surt, at vi føler at vi i haust viser at vi fortener å vere i 1. divisjon. Det var ikkje noko god stemning i garderoben etter kampen, forsikrar kaptein Åshild Haugen.

– Vi spelar tidvis jamt med Sandviken og merka at dei vart stressa når vi pressa dei høgt. Men så dett vi nedpå og slepp dei inn i kampen. Måla vi taper på, er mål vi burde unngå, held kapteinen fram og legg til:

– Nei, dette er berre ufatteleg surt. Vi hadde håpa å unngå det.

Fekk hjelp av Fart

Marit Fiskvik har vore eit viktig bidra til Kaupanger og trenar Per Are Verlo sitt lag.

GOD HAUST: Marit Fiskvik er ein av spelarane som kom inn og medverka til ein god haustsesong. - På hausttabellen er vi midt på tabellen. Det viser kva nivå vi har halde i haust, seier trenar Per Are Verlo (t.h.).

Foto: Inge Kjell Holme

Kaupanger fekk hjelpa dei trengde då Fart slo Åsane 3-0. Med siger over eit Sandviken-lag som berre har avgitt to poeng i år, ville grøntrøyene vere over streken.

Målet til Kaupanger kom ved Henriette Helle. 1. divisjons-håpet levde.

– Det var utlikninga som gav oss 1-1 til pause. Etter pause hadde vi ikkje nok fart i beina til å stå imot Sandviken. Så får dei to raske mål, og det fjerde på overtid når vi kastar alt framover, seier Verlo.

– Vi skal rett opp att

Kaupanger styrka i haust laget med Vilde Vrålid og Marit Fiskevik. I tillegg kom Martine Nesse tilbake etter eit lengre skadeavbrekk. Dette gjorde at Kaupanger i haust sanka godt med poeng, og kjempa seg inn att i kampen for å overleve.

Grøntrøyene frå Sogn har i mange år vore sjølve flaggskipet for fylket innan damefotballen.

– Fotballtabellen lyg aldri over tid, men når ein tenkjer tilbake så er det frykteleg små marginar. Vi har mange eittmålstap og baklengsmål i slutten eller på overtid som har tapt oss poeng. Men det er typisk for eit ungt lag utan all verdas rutine, seier han.

– No skal vi ned og ta satsen, og komme knallsterkt tilbake. Vi skal heilt klart rett opp, legg han til og er trygg på at stammen i laget vil halde fram.

Vil dominere 2. divisjon

– Vil de klare å ta 2. divisjon med den stallen de har?

– Vi har ganske mange unge jenter, som no har fått erfaring frå 1. divisjon. Den skal vi bruke i andre divisjon til å dominere den.

Kaptein Haugen er samd i målsetnaden til Verlo.

– Vi har ikkje lyst å vere så veldig lenge i 2. divisjon. Slik vi spelte i haust, med sigrar over lag midt på tabellen, så er vi eit 1. divisjonslag.