Hopp til innhold

Flæte skal jobbe for databedrift

Fylkesmann Oddvar Flæte skal jobbe for dataverksemda LocalHost frå Måløy.

Fylkesmann Oddvar Flæte

NY JOBB: Fylkesmann Oddvar Flæte skal hjelpe dataverksemd i Måløy.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

15. juni går han av som fylkesmann, og frå før er det kjent at han skal jobbe ein dag i veka for Sogndal Fotball.

Flæte seier han skal jobbe med bedriftsutvikling, blant anna rådgjeving og strategiarbeid.

– Eg har jobba ein del med strategi og marknadsføring. Eg trur eg kan vere med å bidra til ei vidare utvikling av fleire av selskapa i Måløy-miljøet.