No i ettermiddag skal Fladmark i møte med sportsdirektør i Sogndal, Anders Giske. Giske seier dette om kandidaturet til sunnmøringen:
- Først må vi ta ein innleiande samtale for å sjå kvar vi har kvarandre. Det er vanskeleg å seie kor tid dette blir avklara, men vi har fleire interessante kandidatar.
Mot slutten i Sør-Afrika
Sjølv seier Fladmark at han er interessert i å bli ny hovudtrenar i Sogndal, no når engasjementet i Sør-Afrika går mot slutten.
- Sogndal er ein spennande klubb med potensiale, og det blir interessant å sjå kva planar dei har. Eg hadde ikkje reist inn til eit møte viss eg ikkje var interessert, seier Fladmark, som ikkje vil kommentere om han også er aktuell som trenar for Ålesund.