Hopp til innhold

Fkade får ikkje returnere til Norge

Fkade Thaye gøymde seg då politiet kom for å sende han og Simon (9) ut av landet i mars i år.

Simon og faren Fkade i Bari
Foto: Bert Degreave

Mannen frå Eritrea skulle ut av landet fordi han prøvde å lure norske styresmakter og fordi han hadde brote norsk lov.

- Han stakk seg også vekk då det var tale om utsending i mars 2009. Han oppheldt seg på ukjent stad, seier informasjonssjef i Utlendingsnemnda, Bjørn Lyster.

Budde utan lov

Utvisningssaka i Florø har vakt eit stort engasjement . Eritreiske Simon og Fkade Thaye budde i kystbyen i eitt og eit halvt år før dei for ein månad sidan vart sendt ut av landet . Ei eiga aksjonsgruppe har arbeidd for å få dei to tilbake til Florø . Saka tok ei ny vending då det vart kjent at Thaye prøvde å lure norske styresmakter for å få bli i Norge .

- Han hadde ikkje rett til å vere der. Han har hatt plikt til å reise heim ei god stund. Når ein ikkje reiser frivillig, slik ein skal gjere, så er det snakk om tvangsretur, slik det vart i denne saka, til Italia, seier Lyster.

  • (ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)
Video nsps_upload_2009_9_10_18_47_7_1284.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Har reiseforbod til Norge

Ifølgje Utlendingsnemnda skal Fkade ha fila fingertuppane sine for å prøve å unngå at fingeravtrykk viste at dei to først kom til Italia. No kjem det også fram at det var umogleg å finne dei, då politiet i mars skulle sende dei ut av landet. Sidan den tid har Simon og faren vore ulovleg i Florø.

- Han har brote utlendingslova, og er utvist for det. Det å bli utvist er noko anna enn å bli tvangsmessig returnert. Det medførar at han også har innreiseforbod til Norge, fordi han ikkje gjorde som han skulle som asylsøkjar, seier Lyster.

  • (ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)
Video nsps_upload_2009_9_17_18_29_46_1911.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Kan ikkje reise til Norge

- Han kan ikkje reise attende til Norge, held Lyster fram om følgjene etter at Fkade ikkje la korta på bordet og gjorde det vanskeleg for norske styresmakter å finne ut kven han var, og kvar han hadde vore.

Både Simon og Fkade bur no under open himmel i den italienske byen Bari . No er det opp til italienske styresmakter å avgjere om dei to får bli i Europa.

  • (ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)
Video nsps_upload_2009_9_14_18_27_2_1514.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Angrar ikkje på støtte

- Italia, som no handsamar saka, er bunden av dei same konvensjonane som Norge og må slik sett handsame det ut ifrå flyktningkonvensjon, barnekonvensjon og dei konvensjonane som er relevante, seier Lyster.

Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal (Ap) har engasjert seg sterkt i saka . Sjølv om det no er kome fram nye opplysningar, angrar ho ikkje på støtta ho har gjeve. Frøyen Steindal viser til at ein her har med eit lite barn å gjere.