Hopp til innhold

Fjøstak tatt av vinden – for andre gong

EIKEFJORD (NRK): Uvêret hadde alt tatt straumen, då Bodil Hovland Øren høyrde at deler av taka på fleire av bygningane på garden blei flerra av.

Fjøstak øydelagt av vinden

STORE SKADAR: Deler av taket på driftsbygningen på Hovlandsbakke i Eikefjord fekk hard medfart fredag kveld.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Bodil Hovland Øren

DEPPAR IKKJE: Bodil Hovland Øren smiler tappert etter å nok ein gong ha blitt offer for naturkreftene sine herjingar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det var ikkje godt å sjå noko, men vi høyrde det. Vi såg det først då det trefte traktoren som stod på tomgang og dreiv straumaggregatet. Den fekk mykje juling, fortel Øren.

Tok taket på to bygg

Ho tek NRK med inn til det som inntil fredag kveld var sauefjøset på garden. Deler av taket er borte. Overalt ligg det knust materiale og isolasjon. I ein del av bygget står ein traktor av nyare dato. Tvert gjennom motorrommet står det som var ein takbjelke. Den vitnar om at sterke krefter har vore i sving.

– Vinden tok taket. Då måtte vi flytte sauene, konstaterer bonden som til alt hell fekk dyra inn i eit anna bygg på tunet.

Traktor spidda av bjelke

SPIDDA TRAKTOREN: Ein takbjelke gjennom motorrommet på traktoren vitnar om sterke krefter i sving.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Flytta sauene

Øren var att heime på garden vest for Eikefjord sentrum i Flora, mens mannen som er i det frivillige brannvesenet, var kalla ut på oppdrag. Lite viste han om at den kanskje største dramatikken i bygda skulle skje heime på tunet.

Det starta med at vinden tok taket på ei brakke som stod like ved. Dette vart så kasta bort sauefjøset der taket gav etter.

– Det er skummelt, men vi må ta vare på dyra. Det er det som har fokus. Og no har dei det bra. Det er bra det ikkje er gjort skade i dette huset, Øren.

Rasert driftsbygning

MØRKLAGT: Straumaggregatet gir litt lys og avslører ei slagmark inne i driftsbygningen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Andre gong vinden tek fjøstaket

Sauebonden har tidlegare fått merke naturen sine herjingar på garden.

– Under nyttårsorkanen i 1990 reiste taket på den stallen som vi i kveld har måtte flytte dyra frå. No skjedde det gjen. Den står ugunstig til når vindretninga er slik, konstaterer Bodil Hovland Øren som no har fått tak i ein annan traktor til å drive straumaggregatet i elles så bekmørke Eikefjord fredag kveld.