Hopp til innhold

Fjord1 vil satse på vinterturisme

Fjordane og fjella våre er ikkje berre fantastiske om sommaren. No ønskjer Fjord1 å lokke turistar til Sogn og Fjordane også om vinteren.

Fjærlandsfjord

VIL SATSE HEILE ÅRET: Fjord1 ønskjer turistar til Sogn og Fjordane om vinteren også.

Foto: Birger Meland / NRK

Leif Øverland

TRUR PÅ VINTERTURISME: Leif Øverland i Fjord1 ønskjer at turistane skal få oppleve fylket heile året.

Foto: Art Rent AS

Administrerande direktør Leif Øverland i Fjord1 seier dei er heilt i startgropa på eit prosjekt som kanskje kan munne ut i stabil heilårstrafikk på fjorden og på land. Det skriv avisa Aurlendingen.

– Eg har teke initiativ i forhold til større aktørar når det gjeld å gjere noko skikkeleg her. Det er ikkje den vesle bedrifta eller kafeen som stengjer ned på vinteren som er problemet, men det ikkje blir teke tak i kraftig nok frå dei store aktørane, seier han til NRK.no.

Må bryte vond sirkel

Turistsesongen er nesten over for i år og på få sommarmånader må hotell og attraksjonar tene nok pengar til å halde det gåande i den stille tida resten av året.

Men det blir ein vond sirkel, for ein del infrastruktur som attraksjonar og turistruter stengjer for hausten. Når ikkje desse er opne, kjem heller ikkje turistane.

Tidlegare i dag sa hotelldirektør Sigurd Kvikne ved Kviknes hotell at nokon i reiselivsnæringa må bryte den vonde sirkelen med at turistane kjem til Sogn og Fjordane i berre nokre hektiske sommarmånader.

– Då må vi gjere ei grunnlagsinvestering med ein lang horisont for å få utteljing. Men eg er overtydd over at om vi gjer denne investeringa så vil det vere eit veldig godt samfunnsøkonomisk prosjekt, sa han.

Må tru på det sjølv

Leif Øverland i Fjord1 meiner moglegheitene er der, men at dei ikkje blir tekne tak i. Då han jobba i Hurtigruten for ein del år sidan, opplevde dei det same.

– Vi hadde fleire medarbeidarar ombord enn vi hadde turistar om vinteren. No er nesten vintersesongen størst. Vi forstod at vi hadde eit unikt produkt, men at det ikkje var oppdaga. Største utfordring av at vi sjølv måtte tru på det. Vi fekk med oss aktørar på land som ville ha ope heile året og dermed lukkast vi, fortel han.

Kan ha tilbod om tre-fire år

No er Fjord1 i gang med å kartlegge kva verksemder som ønskjer å satse 365 dagar i året. For Øverland seier at fjord og fjell er like fantastisk om vinteren som om sommaren.

– Bergen er innfallsporten vår, det er ein kjempeportal og kundane er der. Vi manglar eit skikkeleg fjordprodukt, ei oppleving kombinert med kultur, lokal mat og det eksotiske.

Det handlar om å finne det unike produktet og satse på det. Han framhevar kor viktig det er å tilbodet ut i verda for å vise seg fram.

– Det er ein lang veg fram og vi har ikkje noko klart denne eller neste vinter. Fjord 1 er ein liten aktør oppi dette og vi må få med oss dei store. Men i løpet av tre-fire år kan vi få til mykje, seier han.