Fjord1 tapte ferjekontrakt

Fjord1 har tapt anbodskonkurransen om å få drive det sterkt trafikkerte ferjesambandet mellom Festøya og Solavågen på E39 sør for Ålesund. Statens vegvesen har nemleg innstilt Norled som vinnar. Det betyr at Stavanger-reiarlaget får drive sambandet frå 2020 til 2029. Kontrakten gjeld drift av tre ferjer.

BF Storfjord inn mot Solavågen i Sula
Foto: Bjarne S Aas