Konsernsjef i Fjord1, Leif Øverland, seier det er marknadsmessige og strategiske årsaker til at dei no sel ut halve bussverksemda.
– Det er 10-15 aktørar på buss i dag. Vi er mellomstore og midt i klyngja, og er ganske sikker på at det blir ein tøff posisjon når anboda kjem for fullt i Sogn og Fjordane. Slik sett kan du seie at det er ein overlevelses strategi, samstundes som vi får pengar for det, seier han.
Satsar på sjøen
Verksemda meiner at dei med dette er i framkant av ein venta tøffare anbodskonkurranse på bussmarknaden, og eit større krav til auka lønsemd.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Vi gir ikkje frå oss all styringa, men skal vere visekaptein. Vi har stilt spesielle krav, slik at vi er med å styre prosessen, men ja vi har gjeve frå oss kapteinsrolla og vil heller bruke den på sjøen i staden, seier Øverland.
Tøffare tider
Fjord1 meiner at bussmarknaden går mot hardare konkurranse gjennom auka bruk av anbod. Difor meiner selskapet at dette er rett tid til å selje delar av bussverksemda.
– Dette sikrar arbeidsplassar og vil gjere Fjord1 betre rusta til å forvalte dei resterande delane av selskapet. Vi skal vokse og satsar vidare på eit sterkt Fjord1, seier Øverland.
Nettbuss har dei seinaste ti åra bygd seg opp til å verte ein av dei største bussaktørane i Norden, og den største i Noreg. Nettbuss vil fortsette verksemda frå dagens plasseringar i Sogndal, Stryn og Volda.
Positive til Nettbuss
Administrerande direktør i Fjord1 Sogn Billag, Per Steinar Sviggum, er positive til at Nettbuss kjem inn på eigarsida.
– Fjord1 har over tid vore på jakt etter ein samarbeidspartnar gitt den utviklinga som skjer i marknaden. Når valet no enda på Nettbuss, så er det ein samarbeidspartnar som vi vil ha stor glede av i høve til deira storleik og deira kompetanse og driftssystem, seier han.
Konkurransedyktige
Bussmarknaden i dag er regulert gjennom fylkeskommunale avtalar, men Fjord1 ventar at ein framover vil sjå ei liberalisering av marknaden når avtalar blir lagt ut på anbod.
Sviggum meiner busselskapa må vere konkurransedyktige i høve til det.
– Eg er trygg på at vi er konkurransedyktige på heimebane, men du må ha styrke og posisjon der du kan tape anbod utan at det blir krise. Vi har sett døme på lokale busselskap i dag som har tapt anbod på heimebane, og som ikkje eksisterer lenger, seier han.
Satsar på sjøen
Øverland seier Fjord1 vil bruke den friske kapitalen frå salet på å satse vidare på sjøverksemda og sikre arbeidsplassane der.
– Nokre gonger må ein vere villig til å gje kapteinsrolla frå seg til den beste spelaren - til beste for laget på lang sikt. Laget er i denne samanheng dei tilsette i bussverksemda og passasjerane i distriktet. Den beste medspelaren er Nettbuss, seier Øverland i ei pressemelding.
(Artikkelen held fram under bilete)
Viktig å handle
Konsernsjefen meiner det er viktig å handle når dei har handle- og forhandlingskraft framfor å vente til at dei er pressa til å gjere nokon.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Slik kan vi sikre dei beste løysingane. Det er dette som er å vise ansvar som leiar og arbeidsgjevar og det er også den mest forsvarlege verdiforvaltninga, seier Øverland.