Hopp til innhold

Fjord1-saka: Stengde møtet for publikum etter fem minutt

HERMANSVERK (NRK):Klokka 13 måndag starta fylkestinget handsaminga av eit mogleg sal av Fjord1 til konkurrenten Torghatten. No går alt i retning av eit knappast mogleg fleirtal for sal.

Høgre-gruppa på fylkestinget

SPLITTA HØGRE: Høgre-gruppa på fylkestinget sit med nøkkelen til kva som blir vedteke om Fjord1 i dag. F.v. Anne Lilleaasen, Bjørn Hollevik, Sonja Øvre-Flo og og Noralv Distad.

Foto: Bård Siem / NRK

I over tre timar måndag ettermiddag fekk fylkestinget sine representantar få si orientering om fylkesrådmannen si grunngjeving for å tilrå sal til Torghatten.

– Vi treng fem minutt til å rigge oss til, representantane kan bli sitjande, men resten må no gå ut, sa fylkesordførar Jenny Følling.

Då møtet starta var det framleis høgst uvisst kva utfallet ville bli av møtet. I fylkesutvalet tidlegare i dag var det eit knappast mogleg fleirtal for å utsetje heile saka. Men i fylkestinget er situasjonen annleis.

Dei to Høgre-representantane Sonja Øvre-Flo og Anne Lilleaasen er heilt ferske i fylkespolitikken, og ville ha mest mogleg informasjon før dei bestemte seg..

– Vi veit førebels ikkje kva vi kjem til å lande på, sa Øvre-Flo og Lilleaasen rett før møtet i fylkestinget starta.

I ettermiddag blei det klart at dei gjekk kvar sin veg. Øvre-Flo vil røyste for sal til Torghatten medan Lilleaasen vil røyste for ei utsetjing av saka.

Det er 31 medlemer i fylkestinget, og forsamlinga har dei siste dagane framstått meir og meir som splitta i den pikante Fjord1-saka. Det kan i ettermiddag ende opp med 16 representantar for eit sal, eller 16 representantar mot eit sal.

Desse partia støttar fylkesrådmannen si innstilling om å selje til Torghatten (totalt 16 røyster:

  • Sentarpartiet
  • Framstegspartiet
  • To frå Høgre
  • Kristeleg folkeparti

Desse støttar forslaget om å utsetje saka (Totalt 15 røyster):

  • Arbeidarpartiet
  • SV
  • MDG
  • To frå Høgre
  • Venstre

Fylkesrådmannen har gått inn for å selje fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 til konkurrenten Torghatten. Til å kome til denne konklusjonen, har han hatt hjelp av fleire rådgjevarar i 18 månader.

Samstundes har minoritetseigar i Fjord1, Per Sævik og Havila, varsla at dei kjem til å gå rettens veg for å avgjere saka. Dei vil nemleg også gjerne kjøpe fylkeskommunen sin eigardel i Fjord1.