Fjord1 nesten doblar overskotet

Ferjeselskapet Fjord1 hadde i fjor eit årsresultat etter skatt på 181,9 millionar kroner. Det er 86 millionar betre enn i 2014. – Det betra resultatet kjem av at selskapet set inn fleire ferjer på sterkt trafikkerte strekningar, har færre skader på ferjene, utnyttar arbeidsfolka godt, betalar mindre for drivstoffet og at rentene er lågare, orienterte konstituert administrerande direktør i Fjord1, André Høyset (biletet), på fylkestinget onsdag. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane i Fjord1.

André Høyset
Foto: Noralv Pedersen / NRK