Hopp til innhold

Fjord1 mistar turistruta mellom Bergen og Flåm

Fjord1 får likevel ikkje løyve til å drive kommersiell turistrute i Sognefjorden.

Kommandøren

TURISTRUTE: Kommandøren har i mange år transportert reisande for Fjord1 mellom Bergen og Sogn og Fjordane.

Foto: Fjord1

Det har samferdsledepartementet vedteke.

Fylkesutvalet gav i mars i år Fjord1 løyve å drive turisttransport mellom Bergen og Flåm. Norled klaga på vedtaket og hevda dei har einerett på å drive hurtigbåt-tenester på strekninga.

– Departementet har no oppheva tildelingsvedtaket til fylkesutvalet, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Norled klaga på vedtaket i april, og no har also samferdsledepartementet gitt Nordled medhald.

Norled driftar i dag det fylkeskommunale rutetilbodet mellom Bergen og Flåm.

– Eit tilbod fattigare

– Me er litt forbausa over vendinga denne saka har tatt, seier Direktør for strategi og foretningsutvikling i Fjord1, Stig Kristoffersen.

Han meiner at regionen blir eit tilbod fattigare når departementet ikkje gav Fjord1 medhald.

– Dette er ei rute me har brukt mange tiår på å opparbeide, og me har veldig mange kundar og turoperatørar. Dette er ei verdiskapingsrute, ikkje berre for Fjord1, men for reiselivsnæringa i heile fylket og spesielt i Sogneregionen, seier Kristoffersen.

Behov?

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

FYLKESRÅDMANN: Tore Eriksen

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– I departementet sitt brev so ligg det to synspunkt. Det eine er at Norled hadde som utgangspunkt at dei hadde fått ein einerett til å drive denne transporten mellom Bergen og Flåm på sommarstid. Departementet meiner det ikkje er tilfelle, so der har Norled ikkje vunne fram.

– På det andre punktet, nemleg at det fylkeskommunale vedtaket ikkje er tilstrekkeleg grunngjeve for om det er behov for den transporten, det er det samferdsledepartementet er opptekne av.

– Kva skjer vidare no?

– Me har nett fått dette på bordet, eg trur samferdsledepartementet må sjå på denne saka og ta stilling til kva dei skal gjere. Den søknaden Fjord1 opprinneleg kom med til å drive turistløyve, den ligg jo her, so den må handterast. Me må sjekka ut om Fjord1 framleis er interessert i å gjere jobben, og om dei er det, må søknaden behandlast, seier Eriksen.