Hopp til innhold

Reagerte på få korona-tiltak – timar seinare blei «danskebåten» innstilt

Fleire tusen kunne gå på restaurant og bar medan Noreg og Danmark var nedstengde. – Skremmande, meiner Hege Christin Ramsdal. Fredag ettermiddag innstilte Fjord Line nesten alle seglingar.

Montasje

REAGERTE ETTER DANSKETUR: Venninnen Hege Christin Ramsdal og Marianne Lygre Thorgersen reagerte på manglande tiltak mot koronasmitte om bord MS «Bergensfjord». Fredag innstilte reiarlaget nesten alle seglingar.

Foto: Therese G. Pisani / NRK/Privat

– Alt me har sett av tiltak er handsprit utanfor taxfree-butikken og eit par skilt om å vaska hender og halda avstand. Veldig rart, spesielt når det er så strenge tiltak i både Danmark og Noreg, seier venninnene Marianne Lygre Thorgersen og Hege Christin Ramsdal fredag ettermiddag.

– Berre info om tilbod og underhaldning

Fredag ettermiddag kom dei tilbake til Bergen etter å ha vore på tur med Fjord Lines danskebåt MS «Bergensfjord». Der stod helsepersonell klare for å sjekka dei for feber og stilla ei rekke spørsmål om helsetilstand før dei fekk gå i land.

Torsdag innførte Noreg dei strengaste smitteverntiltaka i historien. Fredag kveld varslar danske styresmakter at dei stenger grensene.

Men undervegs frå Hirtshals til Bergen var korona-tiltaka få, hevdar passasjerane Thorgersen og Ramsdal.

– Då me kom om bord, kom det informasjon på høgtalaranlegget om underhaldning i loungen og tilbod i taxfree-butikken. Korona blei ikkje nemnd med eitt ord. Det kjentest som å vera i ein fristat, så me gjekk rett på lugaren og har stort sett halde oss der, seier Thorgersen.

– Alt var «business as usual». Ingen informasjon, restaurantar og barar opne. Skremmande, skreiv Ramsdal i eit innlegg ho publiserte på Facebook torsdag.

Fjordline, danskebåten på vei fra Bergen mot Stavanger og Hirtshals

IKKJE OVERSIKT: Fjord Line har fredag kveld ikkje oversikt over kor mange som er råka som følgjer av innstillingane.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Svarte ikkje på kritikk – innstilte heile sambandet

NRK har gjennom heile fredag forsøkt å få ein kommentar frå konsernleiinga i Fjord Line på kva tiltak dei har gjort for å hindra smitte, og om det er forvarleg å segla som normalt.

Klokka 16 meldte Fjord Line i ei pressemelding at alle reiser mellom Bergen, Stavanger og Hirtshals og mellom Langesund og Hirtshals er innstilte på grunn av koronaviruset (sjå oversikt lenger nede).

Forandringane gjeld frå måndag 16. mars og i første omgang i 30 dagar.

– Eg trur alle har forståing for grepa me tar for å avgrensa smitten av viruset, skriv konsernsjef Rickard Ternblom i pressemeldinga.

Rickard Ternblom, administrerende direktør, Fjordline.

KONSERNSJEF: Rickard Ternblom er konsernsjef i Fjord Line.

Foto: Erik Waage / NRK

Konsernsjef stiller seg undrande til kritikk

Konsernsjefen kjenner seg ikkje igjen i framstillinga til Ramsdal og Thorgersen.

– Eg registrerer kritikken, men eg stiller meg likevel undrande til den. Me følgjer til ei kvar tid helsestyresmaktene sine tilrådingar i landa me opererer i, fortel Ternblom.

Fjord Line er eit norskeigd selskap, men seglar under dansk flagg. Difor følgjer selskapet danske retningslinjer til havs.

– Det er snakk om avgrensingar i kor mange personar som kan vera i same rom, avgrensingar knytt til buffet-servering og så vidare. Eg stiller meg undrande til at dei har opplevd reisa slik, men ting beveger seg fort i desse korona-tider, så det kan tidvis vera vanskeleg å halda tunga beint i munnen.

Hege Christin Ramsdal og Marianne Lygre Thorgersen

REAGERTE ETTER DANSKETUR: Venninnen Hege Christin Ramsdal og Marianne Lygre Thorgersen reagerte på manglande tiltak mot koronasmitte om bord MS «Bergensfjord». Fredag innstilte reiarlaget nesten alle seglingar.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

Stenger restaurantar og buffet

– Har tilbakemeldingar frå reisande medverka til at de no innstiller?

– Nei. Me gjer dette ut frå eit heilskapsperspektiv. Dette treff mange ruter, og me konsentrerer no vår jobb i å formidla endringane til dei personane som må reisa med båt.

– Kva slags fasilitetar vil møte passasjerane på desse overfartane?

– Det blir reine transportetappar. Det blir ingen opne restaurantar eller buffear. Me prioriterer passasjerar i bilar og lastebilar, seier konsernsjefen.

Passasjerer går i land i Bergen havn. Kontroll venter

GÅR I LAND: Passasjerane blei møtt av helsepersonell då dei gjekk i land i Bergen fredag ettermiddag.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

17 personar blei nekta å gå i land

Til dagleg jobbar Thorgersen som sjukepleiar i Alver kommune, og Ramsdal er hjelpepleiar same stad.

Venninnene reiste onsdag, dagen før helsepersonell blei gitt utreiseforbod av Helsedirektoratet. Sidan dei ikkje har vore utanfor Norden, skal dei normalt heller ikkje i karantene når de kom heim.

Men begge fryktar andre kan ha blitt utsett for smitte på turen.

– Det var ingen helsekontroll i Hirtshals, og me såg både nederlandske og tyske bilar som køyrde om bord, seier Thorgersen.

I Bergen blei 17 personar nekta å koma i land. I staden reiser dei tilbake til Hirtshals med MS «Bergensfjord»

– Problemet var at desse hadde kome om bord i Danmark før dei nye retningslinjene blei implementert. No blir personar frå utanfor Norden plukka ut av listene før boarding, lovar Ternblom.

MS Stavangerfjord

MS STAVANGERFJORD: Eit av Fjord Lines skip fotografert i Stavanger. Frå og med måndag sluttar skipet å trafikkera sambandet mellom Vestlandet og Danmark.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Opprettar ekstraordinær rute

Sambandet mellom Sandefjord og Strømstad vil halda fram med avgang frå Sandefjord klokka 08.30 og frå Strømstad kl. 12.00, i tillegg til ekstraordinære avgangar frå Kristiansand.

Som ei ekstraordinært trafikksamband etablerer Fjord Line i staden to daglege avgangar mellom Kristiansand og Hirtshals.

Alle passasjerar som er booka inn på ei av dei kansellerte linjene vil få tilbod om å reisa på denne linja i staden.

Selskapet skriv at dei vil kontakta alle som er råka av innstillingane i kronologisk rekkefølge, men bed om forståing for at det vil ta litt tid.

Alle passasjerar som har bestilt ordinære bilpakkar og cruise, og der bestillingstidspunkt er i perioden 10. mars til 31. mai, kan få endra reisedato gebyrfritt inntil 48 timar før avreise.

Følgjande linjer er råka:

  • Bergen-Hirtshals: siste avgang sundag 15. mars kl. 13.30

  • Stavanger-Hirtshals: siste avgang måndag 16. mars kl. 08.30

  • Stavanger-Bergen-Stavanger: ingen avgangar etter sundag 15. mars

  • Langesund-Hirtshals: siste avgang sundag 15. mars kl. 14.30

  • Sandefjord-Strømstad: ingen ettermiddagsavgang frå og med måndag 16. mars.