Det er ikkje akkurat ein sunn økonomi som Fjord Aker kan presentere for fjoråret. Salsinntektene på 30 000 kr blir som lommerusk å rekne samanlikna med utgifter på 5,5 millionar kroner. Tilsaman gjekk verksemda med eit underskot på 5,7 millionar kroner.
Og det er ikkje første året at selskapet endar opp med raude tal. Frå etableringa i 1993 og fram til 1996 var selskapet såkalla sovande, med svært liten aktivitet som gjekk med beskjedne underskot. Men mot slutten av 90-talet vart blåskjelsatsinga sett ut i livet. og proposjonalt med satsinga har underskotet berre auka frå 305 000 kr i 1997 til fjorårets 5,7 millionar kroner i minus. Og årsaka til underskota er enkel: Selskapet får ikkje selt blåskjel på grunn av gift i blåskjela. Det er den same gifta som i 1999 gav Fjord Aker den verst tenkelege opninga. Heile 40 personar vart sjuke etter at Fjord Aker opna sitt nye mottak på Byrknesøy i Gulen - etter å blitt servert blåskjel.
Administrerande direktør Nils Christian Ellingsen vil ikkje la seg intervjue av NRK på lufta, men vedgår at selskapet no går mot den viktigaste hausten og vinteren i selskapets si historie. Men takka vera velvillige aksjonærar er det framleis liv i Fjord Aker. I desse dagar hentar selskapet inn mellom tre og seks millionar kroner i ein emisjon - pengar dei må ha for i det heile tatt å å drive selskapet vidare.
Til våren er det planlagt ein ny og enno større utviding av aksjekapitalen. Då vil selskapet hente inn mellom 20 og 25 millionar kroner. Ellingsen seier han er optimistisk for framtida, og seier at dei har fått så stor geografisk spredning på anlegga sine, at dei vil vera sikra giftfrie skjel i løpet av hausten og vinteren.