Hopp til innhold

Fjoråret gjekk i vasken - no jublar lokale skisenter over heile Sør-Noreg

FØRDE (NRK): Både kulda og skisesongen kom til rett tid for alpinanlegg i år. Mindre skisenter vinn på det, men større fjelldestinasjonar saknar utanlandsturistar.

Sunnfjord skisenter

FANTASTISK SESONG: Gjestane strøymer til frå heile regionen til det lokale skisenteret i Sunnfjord.

Foto: Privat

– Det er veldig kjekt å sjå kor mange små barn og unge som er her, det er det vi arbeidar for, seier Cato Vik, styremedlem i Sunnfjord skisenter.

Femten minusgradar set ikkje ein stoppar for dei frivillige som opnar alpinanlegget i Sunnfjord kommune. Dei må sjekke føret, starte heisane, og trakte kaffien, før lokale skientusiastar får sette utfor bakkane.

Skisenteret er eitt av mange alpinanlegg som er takksame for at sesongen no går bra.

– Sesongen i år har vore heilt fantastisk! Vi har vore heldige med kulde, fått laga snø, og vi ser effekten av nedstenginga. Det har vore lite inneaktivitetar for barn og unge, og folk vil ut, seier Vik.

Cato Vik ved Blomlia skisenter i Sunnfjord kommune.

JOBBAR FOR BARNA: Cato Vik gler seg over aktiviteten i bakkane på Sunnfjord skisenter.

Etter to år med dårlege sesongar, er det avgjerande for økonomien med besøkande no. I 2019 var det lenge lite snø og varmegradar. I fjor kom kulda og snøen svært seint, og anlegg var ope i kort tid før koronaen stengde alt ned.

– Det var eigentleg ingen sesong i fjor. Den kan vi sette ein strek over, så tenkjer vi framover no.

Små skisenter blir vinnarane

Sunnfjord skisenter er ikkje åleine om å fryde seg over besøkstala. Over heile Sør-Noreg går anlegg bra. Jølster skisenter omsette for 2 millionar på ein månad, og i Sogn melder Porten.no om både rekordtal for januar og utviding av parkeringsplassar for fleire anlegg. Ifølgje bransjeorganisasjonen Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar, er det ein oppsving av nordmenn som nyttar seg av skitilbod.

– Vi ser det at folk vil på ski. Særleg næranlegg, med kort veg til store byar eller som baserer seg på lokale gjestar, opplever veldig god trafikk, seier generalsekretær Camilla Sylling Clausen.

Camilla Sylling Clausen, generalsekretær i bransjeorganisasjonen Norske alpinanlegg og fjelldestinasjoner

NORDMENN UT I BAKKANE: Camilla Sylling Clausen ser ei auke i nordmenn som nyttar seg av skitilboda.

Foto: Privat

Organisasjonen merkar at spesielt mindre, ideelt drivne alpinanlegg har mykje aktivitet no, dersom dei får halde opent. Likevel er det ikkje alle skisenter som kan nyte godt av det kalde vêret, så lenge grensene er stengde.

Store anlegg som Trysil, Hafjell og Hemsedal har vanlegvis opp til 80 prosent utanlandske gjester, og no kan dei ikkje rekne med besøkande utanom i helg og høgsesong som vinterferie og påske.

– Det er dei større fjelldestinasjonane som baserer seg på utanlandsgjestar som har det utfordrande, seier Clausen.

– Der kan ikkje ei auke av norske gjestar dekke tapet, understrekar ho.

Lønn for strevet

Sjølv om fleire av skisentera som gjer det bra blir drivne med frivillig innsats, er aktiviteten som kjem no viktig. For å sikre sertifisering og vedlikehald utanom sesongen treng dei midlane. Ved Sunnfjord skisenter trekkjer Vik også fram kor viktig det er å sjå dei gode resultata.

– Det er lønna, når du kan sitte på toppen og sjå ned at alle har det kjekt. Då har du att for alle dei mørke kveldstimane du står her og slit i regn og rusk og kulde og tenkjer på om du gidd dette meir.

Sunnfjord skisenter

LØNN FOR STREVET: Dei frivillige er spesielt glade for å sjå barn og unge i aktivitet.

Foto: Privat