Hopp til innhold

Krypsiv tok over vatnet – no får dei endeleg lov å fjerna det

I 30 år har grunneigarane kjempa for å fjerna ugraset som gjort fisket dårleg. No får dei endeleg lov å fjerna krypsivet med ein «flytande grasklippar».

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Det er eit godt syn. Me har venta utruleg lenge på tiltak som dette.

Det er ein glad Olav Bremer i Hafslovatnet grunneigarlag som endeleg kan sjå dei «flytande grasklipparane» køyra rundt på Straumavatnet, litt oppstraums frå Hafslovatnet, i Indre Sogn.

Krypsiv har sakte, men sikkert teke over meir og meir av området. Det fortrenger anna vegetasjon, fuglane et det ikkje og det øydelegg fisket.

Olav Bremer i Hafslovatnet grunneigarlag

LETTA: Olav Bremer kan konstatera at krypsivet endeleg er på veg ut av vatnet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Med andre ord eit ugras dei ikkje ønskjer å ha området, som er eit fuglereservat.

– Det erobrar gyteplassane til auren og har teke alle dei gode fiskeplassane. Me ønskjer å kultivera vatnet ved å bruka garn, men å setta garn i dette sivet er heilt umogleg, seier Bremer.

– Fuglane et det ikkje, og det tek plassen til det graset dei kan eta. Det vart til og med gjort fôringsforsøk med krypsiv til storfe, men det var ikkje brukande der eingong, seier Liv Byrkjeland i Statens naturoppsyn.

Botnen, som tidsvitne fortel før bestod av grus og stein, er no ein tjukk, brun masse av slam og mudder. Graset veks i tjukke såter opp i overflata.

Straumavatnet blir renska for krypsiv

Straumavatnet blir renska for krypsiv

Foto: Veri Media
Denne doningen køyrer rundt og samlar krypsiv.

Denne doningen køyrer rundt på vatnet og samlar krypsiv.

Foto: Veri Media
Det er lett å sjå kor den har vore.

Det er lett å sjå kor den har vore og kor den ikkje har vore.

Foto: Veri Media

Grunneigarlaget har ønskt å få det fjerna i 30 år, men har ikkje fått lov fordi området er eit fuglereservat. I slike område er det strengt kva ein får lov å gjera, spesielt når det er store, motoriserte doningar inne i bildet.

Men no har styresmaktene snudd, og ugraset skal vekk. To maskiner, som best kan beskrivast som ein flytande hybrid av ein plenklippar og ei beltevogn med ei gripeklo, skal bruka fleire veker på å røska ugraset opp med røtene.

– Det er eit godt syn. Det er eit gras som ikkje høyrer heime her, seier Bremer.

Freda område

For ti år sidan tok kommunen sjølv over forvaltingsansvaret. For nokre år sidan starta ei arbeidsgruppe jobben med å dokumentera kva som faktisk var problemet i vatnet. Då dei fekk dokumentert at det var krypsiv, fekk pipa til styresmaktene ein annan lyd. No har dei fått 600.000 kroner av Miljødirektoratet til å få det vekk.

– Dette er historisk eit veldig godt fiskeområde, men attgroinga har gjort det nesten umogleg å fiska her. Denne sivarten fortrenger også mat fuglane i området skal ha, og her har fuglane ein heilt spesiell status. Det er mange gode grunnar til at dette blir fjerna no, seier ordførar Ivar Kvalen.

Liv Byrkjeland, Statens naturoppsyn

SPENT: Liv Byrkjeland i Statens naturoppsyn er spent på den langsiktige effekten av å fjerna krypsivet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Krypsiv er eigentleg ei strandplante, men av og til ser me at den i utbygde vassdrag, seier Byrkjeland i SNO.

Spesielt på Sørlandet har det vore eit problem mange har prøvd å overvinna i årevis.

Dei er ikkje sikre på kvifor sivet har kome krypande i Sogn. Men dei trur det har noko å gjera med vasskraftutbygginga på starten av 80-talet. Veitastrondvatnet og Hafslovatnet vart regulert, og då vart det også bygd ein vasstunnel mellom vatna. Det gjer at djupare vatn, som er varmare enn overflatevatnet, no finn vegen ned til Straumavatnet, som ligg midt mellom dei to.

– Samstundes er isen annleis om vinteren no enn før. Vasstanden er gjerne ikkje så låg som før det vart regulert, slik at isen ikkje lenger får tak i graset og riv det vekk. Det har liksom balla på seg med ein kombinasjon av dette, seier Byrkjeland.

– Eg vil kalla det veldig frodig mark, berre at det er under vatn. Det er heilt utruleg vekst her, seier Reidar Lindahl, eigar av firmaet Vassklippar'n, som utfører jobben.

Olav Bremer ser på at maskinene fjernar krypsivet i Straumane - Hafslovatnet.

LUKKELEG: Olav Bremer har sett fram til dette i årevis.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Veit ikkje om det ugraset held seg vekke

Om sivet kjem tilbake eller om dei er kvitt problemet for godt, veit dei ikkje. Til det er det for lite kunnskap om grasarten.

– Me må berre prøva, og så får me evaluera korleis det gjekk etterpå, seier Byrkjeland, som også vil rosa Sognekraft desse vekene dei driv på.

– Dei har vore veldig hjelpsame med å tappa ned vatnet så mykje at maskinene kjem skikkeleg til krypsivet.