Sørvisboksane der brukarane kunne kommunisere med tilsette ved Aetat via web-kamera og telefon, vart i 2000 lansert med pomp og prakt.
Men arbeidsdirektoratet seier nyvinninga ikkje har vore ein suksess.
Siste boks i Årdal
Årdal var ein av stadane der dei virtuelle kontora lenge fungerte godt, og dette er no den siste boksen som er att i landet.
Fylkesarbeidssjef i Sogn og Fjordane, Frode Henden, konstaterer at teknologiske framsteg har gjort sørvisboksen overflødig også der.