Hopp til innhold

Rumensk vogntog med trøtt førar og oppløyst bremseskive fekk køyreforbod

Inspektørane til Statens vegvesen kan ha avverja ei katastrofe då dei tysdag luka ut eit rumensk vogntog frå sommartrafikken.

Rumensk vogntog fekk køyreforbod i Førde.

VART HENTA: Vogntoget fekk køyreforbod og vart trygt transportert til verkstad av Førde bilberging. Så blir det opp til politijuristane å vurdere reaksjonen mot føraren for brota på køyre- og kviletidsreglane.

Foto: Statens vegvesen

– Det var veldig graverande. Heldigvis er det sjeldan slike vogntog dukkar opp.

Svein Ove Salt i Statens vegvesen
Foto: Anna Gytri / NRK

Inspektør Svein Ove Salt ved Statens vegvesen i Førde er glad for å ha luka ut det han skildrar som eit svært trafikkfarleg vogntog frå vegane.

Det rumenske vogntoget på 40 tonn kom dundrande på E39, på veg frå Tsjekkia til Samnanger aust for Bergen med ein stor generator. Kvifor det køyrde om Sunnfjord er uvisst, men i Førde vart det uansett køyreforbod.

Då inspektørane tok vogntoget i nærare augesyn, fann dei lause delar frå ei av bremseskivene på vestre side i felgen.

Del av bremseskiva låg laus inne i felgen til vogntoget.

LAUS: Inspektørane fann delar frå den oppløyste bremseskiva i felgen.

Foto: Statens vegvesen

– Resten hadde gått i oppløysing. Dette kunne blokkert hjulet på venstre side, og vogntoget ville skjena inn i motgåande køyrebane, seier Salt.

På same akslingen var også bremseskiva på høgresida i svært dårleg stand. Unødig å seie, vogntoget mangla mykje av bremsekrafta.

– Nokon og kvar og ein kan tenkje seg at dersom eit køyretøy på 40 tonn kjem over og treffer ein møtande bil eller buss, så skjer det ei katastrofe, legg Salt til.

Ikkje nok med at vogntoget fekk køyreforbod, blir føraren meld til politiet grove for brot på køyre- og kviletidsreglane. Summen av manglane er eit svært trafikkfarleg vogntog, seier Salt.

– Han hadde sove for lite gjennom heile veka. Når vogntoget manglar mykje bremsekraft og er tungt lasta, så vil det trenge lenger tid på å stoppe enn om alt var i orden. Ein trøtt og sliten førar har også lenger reaksjonstid enn ein som er frisk og opplagd.

På spørsmål fekk inspektørane ei forklaring dei ofte høyrer når dei stoppar trafikkfarlege køyretøy.

– At sjefen beordra han til å køyre, seier Salt.

– Men ansvaret kviler på føraren sine skuldrer?

– Når det gjeld køyre- og kviletid, og teknisk stand, så har førar og eigar eit ansvar, men hovudansvaret ligg ofte på førar.

Køyretøyet og føraren vart også stoppa på norske vegar i 2019. Også då hadde det tekniske manglar.

– Men ikkje så alvorlege manglar som no, seier Salt og fortel at vogntoget vart henta av bilbergar og køyrt rett til verkstad.

– Kva reaksjon får firmaet?

– Firmaet har fått ein reaksjon i form av at dei måtte skaffe bilbergar, og at køyretøyet må reparerast i Førde før det får reise vidare. Vi snakkar heilt andre kostnader enn om det hadde blitt reparert i Romania.

Salt kjenner seg trygg på vogntoget ikkje blir sleppt ut at i sommartrafikken utan å vere i teknisk god stand.

– Vi blir varsla om vogntoget blir henta ut før det er reparert. Då blir også politiet kontakta, seier han.