Hopp til innhold

«Sterkare, djupare og meir spektakulært»

I kveld er kvelden. Fjellfolk er tilbake. Mennene bak serien lovar gjensyn med gamle kjente, møte med nye, spanande menneske, og sterkare historier og meir spektakulære bilete enn nokon gong.

Fjellfolk sesong 2 har premiere 7.september kl. 20:05.

Serien vil gå over seks episodar. Torje Bjellaas og Arve Uglum står bak serien og er spente før første episode klokka 20.05 på NRK1 i kveld.

– Me har drive på med dette det siste halvanna året. Me kjenner på premierenervane no. Visst ikkje folk likar dette, har me kasta bort mykje tid, fleipar Uglum.

Skulle den første sesongen i 2012 vere noko mål, har dei ingenting å vere nervøse for. Kvar episode er sett godt over ein million gonger i Norge, og har også gått med store sjåartal i dei andre nordiske landa.

Men no lovar Bjellaas og Uglum at folk har mykje å glede seg til også i den nye sesongen. Stikkord er gamle kjente og nye spanande menneske, endå djupare historier og endå meir spektakulære bilete.

– Kjente og kjære

I videoen øvst i saka kan du sjå kva personar du vil møte dei neste seks sundagane. Sigrid Henjum og Solbjørg Kvålshaugen, hyttevertinna i Jotunheimen, er med også denne gongen.

– Me følte dei hadde nye fasar i livet deira, historier som ikkje var fortalde. Så me hadde veldig lyst å ha dei med vidare, seier Uglum.

Men i tillegg lovar dei nye, interessante menneske, inkludert ein klatrefamilie i Isfjorden som alltid prøver å få med alle på tur, og fjellførar og ekspert på fjelltryggleik, Tor Olav

– Og så har me ein kar frå Førde som heiter Bjørn Høyvik. Ein fantastisk type som har utruleg mykje føre seg, og som held koken sjølv om han er 76 år. Han syner ingen svakhetsteikn endå.

(Artikkelen held fram under biletet)

Torje Bjellas, Solbjørg Kvålshaugen og Arve Uglum

FJELLFOLK: Her er fotograf Torje Bjellaas (t.v.) og Arve Uglum (t.h.) saman med Solbjørg Kvålshaugen, som er med vidare frå første sesong av Fjellfolk.

«Å Vestland, Vestland»

Ei historie med Høyvik kan Uglum røpe allereie før premieren. Høyvik er nemleg ingen normal 76-åring.

– Han hadde akkurat letta med paraglideren sin på ved mot Eggenipa, i strålande solskin var det berre ei utruleg vakker scene.

Mikrofonane som skal ta opp lyd hadde ikkje lang nok rekkevidd til å fange opp Høyvik. Dei høyrde berre vinden.

– Men så plutseleg, i berre ti sekund, vert det klart. Då høyrer eg denne flotte kyrkjesong-songstemma til Bjørn Høyvik som syng «Å Vestland, Vestland» når han svevar og kosar seg i 800 meters høgde. Det var rett og slett ein stor augneblink, seier Uglum.

Spektakulære bilete

Fotograf Torje Bjellaas er mannen som skal fange slike utrulege scener på film. Han seier folk vil kjenne att serien frå første sesong, og at dei har valt på øvste hylle både når det gjeld personar og områda dei ferdast i.

Bileta er endå meir spektakulære i andre sesong, seier Bjellaas.

– Eg vil seie det. Me har sogningar som Sigrid Henjum og Sander Buene som tek oss med heile Skagastølsryggen, me har folk som klatrar i Romsdalen, og får blitt med på Svalbard å jakte isbjørnar. Det er slike liv desse folka våre har, og som me prøver å dokumentere ein bit av.

Torje Bjellaas og Arve Uglum

DJUPARE: Bjellaas (t.h) og Uglum har følgd fjellfolka både høgt og tett, og lovar sterke historier og spektakulære bilete.

– Det er spektakulære greier alt i alt, seier han.

«Djupare inn i historiene og folka»

Redaktøren for denne typar seriar i NRK, Oddbjørn Rosnes, er ikkje like spent som Uglum og Bjellaas.

– Nei, eg kan ikkje seie det. For eg har hatt gleda av å følgje med på korleis programmet har vorte til. Det er ein fantastisk innsats. Dei har greidd å følgje desse fjellfolka i brattlende og på dei høgste toppar. Og me som sjåarar får vere med på dei gode historiene og ut i denne fantastiske naturen, seier Rosnes.

Mange vil vere nervøse for å følgje opp ein så stor suksess som den første sesongen av Fjellfolk var. Men Bjellaas og Uglum er klar over fallgruvene.

– Me visste at det me gjorde sist ikkje ville vere godt nok no. Så me har grave djupt. Me går mykje, mykje djupare inn i folka som me følgjer denne gongen, seier Uglum.

Det blir mykje gode opplevingar og flotte bilete. Men det blir ikkje berre det. Alt er ikkje solskinshistorier.

– Fjellet gir og fjellet tek. Me har snakka mykje om kva som skjer når fjellet tek. Kva skjer med folk etterpå? Korleis ber dei dette med seg? Og kva gjer det med gleda deira over å vera ute? Det måtte bli sterkare, og det har me prøvd å gjere. Me har prøvd å finna folk som har blitt utsett for desse store inntrykka, som gjer at dei har ei endå sterkare historier å fortelje, seier Uglum.

– Dette er ein betre serie, skyt redaktøren inn. Eg trur aldri me som sjåarar har vore med på ei slik reisa som den me skal ut på no.