Hopp til innhold

Fjellet blir døypt om – får endeleg «korrekt» namn

Vikafjell blir offisielt døypt om til Vikafjellet. For dei som bur i kommunen kjem ikkje namnet på tale. Dei seier «Vikjafjedlet», uansett.

Snøbrøyting på Vikafjellet

SNØRIKT: Vikafjell eller Vikafjell-ET, mellom Sognefjorden og Voss, er eit av dei mest nedbørsrike områda i landet.

Foto: Christian Blom / Sogn Foto og Design AS

Har du køyrt bil på Vestlandet, har du sannsynlegvis køyrt over fjellområdet og fjellovergangen Vikafjellet langsmed riksveg 13.

Offisielt heiter det berre Vikafjell, sjølv om «ingen» bruker den ubestemde forma av namnet.

Statens vegvesen, Vestland fylkesarkiv og NRK er alle døme på offentlege organ som har trassa det offisielle namnet og i staden nytta bestemd form.

Men no blir det endra.

– Her såg vi at det ikkje var samsvar med den offentlege bruken, så vi har vedteke å endre det til Vikafjellet, seier namneansvarleg i Kartverket, Erlend Trones.

Avisa Hordaland skreiv først om saka.

Vikafjellet

FEIL BRUK? Som regel har NRK skrive Vikafjellet, trass i at det offisielle namnet har vore Vikafjell.

Foto: Faksimilie / NRK

Lar seg ikkje påverke

– Hovudregelen for skrivemåten av stadnamn er å ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttala, fortel Trones.

Men det er ikkje alltid like lett. For kjært fjell har mange namn og enkelte gonger vil det vere mange ulike ting å ta omsyn til. Det inkluderer skrift- og talemålstradisjon, faglege råd frå Språkrådet og lokal bruk.

Innbyggarane i kommunen kjem ikkje til å la seg påverke av endringa, fortel ordføraren i Vik, Roy Egil Stadheim (Ap).

– Vi som bur her seier «Vikjafjedlet» uansett, fortel ordførar i Vik kommune.

«Feil» namn

Noregs nasjonalfjell Stetinden er eit anna fjell som «alle» omtalar med feil namneform.

Liknande gjeld for Noregs tredje høgste fjell, som i offentleg bruk blir kalla Storen. Likevel er det Store Skagastølstind som Store Norske Leksikon og mange andre nyttar om fjelltoppen.

Her er det ei namnesak på gang for å formalisere også Store Skagastølstind..

I den vesle grenda Øystrebø kjenner innbyggarane knapt til sitt eige stadnamn.

Her har grendelaget teke opp «namnekampen» og vil at namnet skal vere Østerbø, i tråd med slektsnamnet.

Innbyggar Geir Helge Østerbø håpar Kartverket også kan «ta til vettet» i namnesaka deira.

– Ein kan ikkje ha namn på ting som er heilt ulikt det som er i daglegtala. Det heng ikkje i hop, seier han.

Store Skagastølstind

NAMNESTRID: Det går føre seg ei namnesak om Storen, ofte referert til som Store Skagastølstind. Saka går ut på om å også godkjenne siste namn til offentleg bruk.

Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

– Bruken på folkemunnen varierer

Stadnamn blir etter stadnamnlova rekna som språklege kulturminne.

Ein historisk tendens er at skrivemåten på stadnamn får større innverknad på uttalen enn før. Stadnamn blir i større grad overlevert til neste generasjon skriftleg.

Sjølv om Kartverket fastset den offentleg skrivebruken, ønskjer dei ikkje å endre korkje lokal skrive- eller uttalemåte, fortel Trones i Kartverket.

I Vik kommune landa dei på at det var fanst viktigare ting enn å klage på namnevedtaket.

– Vi er så vande med at det står noko anna på karta enn det vi seier, så eg trur ikkje folk bryr seg så mykje, seier humorist og innbyggar i Vik, Jens Brekke om namneendringa.

Vikafjellet

DØYPT OM: Vikafjell blir døypt om til Vikafjellet i tråd med anna offentleg namnebruk av fjellet.

Foto: Visit Norway