Hopp til innhold

Klarar ikkje ta i mot pasientar - Fjaler må betale nær 470 000 kroner

Fjaler-ordføraren lova bot og betring etter at dei i januar måtte betale over 360 000 kroner til Helse Fordi dei ikkje klarte å ta i mot utskrivingsklare pasientar. Men no syner det seg at tala for februar vart endå verre.

Arve Helle
Foto: Rune Fossum / NRK

I løpet av februar har kommunen hatt liggjande fleire personar som eigentleg skulle vore sende ut av sjukehus. Til saman må kommunen no betale for 117 liggjedøgn, noko som utgjer over 460 000 kroner.

Ordførar i Fjaler, Arve Helle, vedgår at ting ikkje vart betre i løpet av den andre månaden i 2012.

– Dette er ei fortsetjing av dei tinga som var i januar. Vi har ikkje klart å ta unna dette, men no har eg fått signal på at situasjonen er i ferd med å betre seg, seier Helle til NRK.no.

Måtte ut med nær 360 000 kroner

Etter at samhandlingsreforma vart innført har kommunane frå nyttår vore pliktige til å ta i mot utskrivingsklare pasientar frå sjukehusa. På førehand var det mange som åtvara mot at mange kommunar ikkje var budde på denne pasientstraumen, det vart mellom anna vist til at mange ikkje hadde pengar til å byggje opp eit godt nok tilbod.

Etter at januar månad var over måtte fleire kommunar i Sogn og Fjordane ut med tusenvis av kroner fordi dei nettopp ikkje klarte å ta i mot dei utskrivingsklare pasientane. Medan Førde med sine 59 liggjedøgn måtte betale i underkant av 240 000 kroner, måtte Stryn med sine 17 liggjedøgn betale i underkant av 70 000 kroner.

Fjaler kommune kom dårlegast ut, med 96 liggjedøgn i løpet av januar. Kommunen måtte då betale nær 360 000 kroner til Helse Førde og ordføraren lova at ting skulle betre seg.

– Det har vore ein litt ekstraordinær situasjon. Vi har, heldigvis, hatt veldig få dødsfall på sjukeheimen, men då har vi hatt problem med kapasiteten, sa Helle til NRK.no den gong.

Har ikkje blitt betre

Men når tala for liggjedøgn i februar er klare, må Fjaler bu seg på nok ei stor utgift. Over 460 000 kroner svir på kommunebudsjettet. Av dei totalt 134 liggjedøgna kommunane i Sogn og Fjordane hadde i løpet av februar, står Fjaler for 117 av desse.

– Har de sove i timen?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Vi har jogga godt med dette, og vi har gjort det som er mogleg for oss, seier Helle.

Han seier det er tilfeldigheitar som har gjort til at kommunen har kome i denne situasjonen, men at tala for mars førebels ser langt betre ut. Etter det Helle er kjend med skal ikkje kommunen ha nokon utskrivingsklare pasientar liggjande på sjukehus per i dag.

Helle har ikkje noko god forklaring på kvifor Fjaler kommune har over 100 liggjedøgn, når dei andre kommunane klarar seg med tre, to og ingen. Førde og Naustdal har begge tre døgn kvar og er dei kommunane etter Fjaler som hadde flest liggjedøgn i februar.

– Eg stussa litt når eg såg våre tal samanlikna med andre, men eg kan ikkje seie noko om korleis dei jobbar med dette. Eg må konsentrere meg om vår situasjon, og eg håpar og trur mars blir langt betre, seier Helle.

Klikk på lenka under for å sjå kor mange liggjedøgn din kommune hadde i januar og februar.

– Har ikkje kontroll over alle forhold

Ser ein alle kommunane under eitt har talet på liggjedøgn nesten halvert seg frå januar til februar, frå 211 til 134. Samhandlingssjef i Helse Førde, Vidar Roseth, meiner statistikken ikkje gir noko godt bilete på korleis kommunane jobbar i forhold til dette.

– I høve den kommunevise fordelinga ser vi at over halvparten av kommunane ikkje hadde pasientar ved sjukehuset i påvente av kommunalt tilbod i det heile i februar, og mange hadde få dagar. Så vil det periodevis vere enkeltkommunar som har utfordringar, seier Roseth og legg til:

– Dette vil variere og det kan i stor grad skuldast forhold som kommunane ikkje har herredøme over. Statistikken gir såleis ikkje noko godt bilete på om kommunar jobbar bra eller dårleg. Etter vår vurdering er det viktig at dette kjem fram, og at ikkje enkeltkommunar får eit negativt fokus som det ikkje er grunnlag for.