Korttidsminnet svikta med lågkarbodiett

– Du kjenner deg litt dum, seier fitnessutøvar Ingeborg Sol Fure frå Førde. Ho opplevde at det var meir enn berre kiloa som forsvann med lågkarbodietten.

Ingeborg Sol Fure et lunsj

HUGSAR: Ingeborg Sol Fure fortel at det var som ei tjukk tåke letta frå hovudet hennar då ho kunne ete mykje karbohydrat att. – Det var berre ein fest for kroppen. Det var eksplosjon av lykke i meg. Det var heilt fantastisk, seier ho.

Foto: May-Helen Rolfsnes

– Eg kunne leite etter ting eg hadde i handa. Sa ofte opp att ting som eg nett hadde sagt til folk fordi eg trudde eg ikkje hadde sagt det. Eg trudde eg berre hadde tenkt det, seier Sol Fure.

Måtte ned i vekt

Som fitnessutøvar i 2012 og 2013 , kasta Førde-kvinna seg på lågkarbobølgja som feia over landet. Før konkurransar skulle ho ned ti kilo på ti veker før konkurranse.

Ingeborg Sol Fure

KONKURRANSE: Ingeborg Sol Fure under ein konkurranse i 2013.

Foto: fitnessbloggen.no

Sol Fure opplevde å miste store delar av korttidsminnet. No passar ho på å få i seg godt med karbohydrat etter trening.

– Korttidsminnet var veldig dårleg. Vennene mine mobba meg, og kalla meg berre dietthovudet, seier ho.

Rår frå dietten

Ein kuttar mellom anna brød, potet og pasta når ein følgjer lågkarbodietten.

Klinisk ernæringsfysiolog i Helse Førde, Marte Ulltang, anbefaler ikkje å gå på lågkarbo-diettar. Ho meiner at det er det same som å svelte hjernen.

Klinisk ernæringsfysiolog i Helse Førde, Marte Ulltang

FRÅRÅR: Marte Ulltang er klinisk ernæringsfysiolog i Helse Førde.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Dersom ein ikkje får i seg karbohydrat over tid, så er det som å svelte hjernen. Den får ikkje nok energi, og det går utover hjernen sin kapasitet, seier ho.

Redusert minne

Ernæringsfysiologen har hatt pasientar som har prøvd lågkarbo, og som har opplevd dårleg konsentrasjon og slappheit, som igjen har resultert i redusert minne.

– Eg har hatt pasientar som skildrar det. Dei skildrar også at ting blir normalisert og at dei fungerer betre når dei byrjar å ete karbohydrat att, fortel Ulltang.

Det var den kjende legen Fedon Lindberg som i 2002 starta lågkarbobølgja.

– Dietten er forsvarleg

Fedon Lindberg

STÅR PÅ SITT: Fedn Lindberg meiner det er ekstreme lågkarbodiettar som fører til svikt i korttidsminnet.

Foto: Kim Jansson

Han har tidlegare åtvara mot det han skildrar som ekstreme lågkarbodiettar , men står fast på at lågkarbo er forsvarleg.

Kokebokforfattaren har lansert ei rekke matvareprodukt med lågt karbohydratinnhald, og meiner redusert minne kan skuldast ein rask overgang frå høgkarbo til lågkarbo.

– Hjernen treng to til fire veker for å tilpasse seg eit nytt kosthald som er så pass ulikt det ein har hatt, slik at ein gradvis blir mindre avhengig av blodsukkertilførsel, seier han.

– Heller mindre sukker

Ernæringsfysiolog Ulltang er ikkje samd, og meiner at minnet over tid blir verre med lågkarbo.

– Ein svelt hjernen over tid. Så ein får ikkje i seg nok karbohydrat og det kan gå utover hugsen, seier ho og rår heller folk til å slanke seg ved å få i seg mindre sukker.

– Det er noko som vi ikkje treng, men som vi får i oss for mykje av, avsluttar ho.