Hopp til innhold

Fiskeriministeren på tur i «Noregs raraste kommune»: – Tvangssamanslåing er undervurdert

KINN (NRK): Det å slå saman kommunar er ikkje så ulikt det å få med ungane på tur, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen. – 200 kommunar hadde vore passe, seier høgrekollega.

Stortingsrepresentant ove Trellevik og fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen

UNDERVURDERT METODE: Eg er tilhengar av meir tvang når det gjeld kommunane, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Tvang er litt undervurdert, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Vinden tek godt i kroppen til den ferske statsråden. Han er på veg for å synfare eit oppdrettsanlegg i havgapet i Sunnfjord.

Han legg til:

– Eg brukar ei enkel likning på det: Hadde det vore frivillig for ungane mine å vere med på tur når dei var små, så hadde dei aldri blitt med.

Medlem i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, Ove Trellevik (H) er også med på båtturen.

– Ideelt sett bør det vere om lag 200 kommunar, der alle har minst 10.000 innbyggarar, seier han.

Høgre-politikaren legg samtidig til at dette ikkje må vere absolutt.

– Unntaksvis må vi godta mindre kommunar, der det er særskilde geografiske eller demografiske grunnar til det.

Ove Trellevik

VIL BRUKE TVANG: Stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) peikar nordover mot Bremanger, som han vil innlemme i nye Kinn. Om nødvendig med tvang.

Foto: Bård Siem / NRK

«Den raraste kommunen i Noreg»

Nordover langs båtripa kan dei to sjå Bremanger, som gjer at Kinn kommune ikkje heng saman, men er delt i to.

Kinn kommune har blitt kalla «den raraste i Noreg».

– Over tid veit vi at ein kommune må henge saman, sa Terje Heggheim, som er kommunedirektør i Kinn, tidlegare i år.

1. januar i år vart talet på norske kommunar redusert frå 422 til 356.

243 av desse kommunane har i dag færre enn 10.000 innbyggarar. På kartet under er desse merka med raudt.

Kommuner med mindre enn 10 000 innbyggere

– Bør vere sterkare sentralt styrt

Kartet over liknar det som viser dei distrikta der det om få er fleire pensjonistar og pleietrengande enn unge og arbeidsføre.

Det er denne fordelinga som gjer at Norsk Rådmannsforum i januar uttalte at «framtidige reformprosessar bør vere sterkare sentralt styrt».

Kommunalminister Monica Mæland omsette det til godt norsk:

– Vi bør bruke tvang, det er det de seier.

Ho la til at det ikkje er politisk mogeleg slik stortingsfleirtalet er sett saman, men at arbeidet med å gjennomgå og modernisere inndelingsloven var i gang. Inndelingsloven er den juridiske guiden til samanslåingar.

– Ikkje alltid stordriftsfordelar

Anne Kristin Førde (Ap) er ordførar i Bremanger, som ligg i klem Kinn kommune.

I Kinn er det 17.207 innbyggarar. I Bremanger bur det 3950.

Førde seier at større einingar og stordriftsfordelar ikkje er det same, og viser til ein rapport frå Telemarksforsking, som undersøkte lønsemda for Bremanger.

– Konklusjonen var at vi ikkje ville klare å få til så mykje betre tenester om vi slår oss saman med andre, seier ho.

Ho avviser Trellevik sin påstand om at «enkelte kommunar torpederer samanslåing ut frå økonomiske omsyn». Bremanger har store inntekter frå sal av kraft.

– Det avviser eg på det sterkaste, seier ho.

Anne Kristin Førde, ordførar Bremanger

PROVOSERT: Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap) meiner det høyrer ingen stad heime å tvinge kommunar til å slå seg saman.

Foto: Bård Siem / NRK

Ola Teigen (Ap) er ordførar i Kinn.

– Vi ønskjer sjølvsagt Bremanger hjarteleg velkomen inn i kommunen vår, men eg vil ikkje stå på barrikadane for noko tvangssamanslåing, seier han.

– Har ikkje respekt for lokaldemokratiet

Tidlegare kommunalminister, Liv Signe Navarsete (Sp), reagerer på utspelet frå Høgre-politikarane.

– Alle veit at Høgre ikkje har respekt for lokaldemokratiet og for folk som bur rundt om i landet. Men kanskje bør dei ha så mykje respekt at dei evaluerer alle samanslåingane som nyleg er gjennomførte, før dei startar ein ny samanslåingsprosess, seier ho.

Liv Signe Navarsete i debatt

VIL DELE OPP KINN: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) vil heller løyse opp Kinn enn å tvinge Bremanger inn i den omstridde kommunen.

Foto: NRK