Hopp til innhold

Fiskeriarbeidarar langs heile kysten står heilt utan inntekt

MÅLØY (NRK): Arbeidarar i fiskeindustrien langs heile kysten står brått utan noko form for inntekt etter det dei opplever som rot frå NAV.

Tilsette ved Pelagia i Måløy

SINTE OG FRUSTRERTE: Anita Tvendeseter, Sonja Svarstad, Karin fjære og Daniel Henriksson er irriterte på at dei har mista dagpengane sine ifrå NAV.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er ei katastrofe for dei som vert råka, seier Karin Fjære.

Ho er ein av arbeidarane som no står heilt utan inntekt når sesongen er over på fiskefabrikken Pelagia i Måløy, der ho jobbar.

Når ein driv med foredling av pelagisk fisk, som sild og makrell, er sesongen svært ustabil og svingande. Plutseleg kan det kome inn mykje fisk, andre gonger kan det plutseleg vere tomt. Då stenger fabrikken heilt ned, og alle arbeidarane vert permitterte.

Det vanlege har då vore at dei får dagpengar av NAV dei dagane eller vekene dei går utan arbeid. Til saman er det snakk om opp mot tre månadar i løpet av eit år.

påfabrikkenhehe

BANDA ER FJERNA: Det er framleis utanfor sesongen, og banda på Pelagia er fjerna. Her går det vanlegvis fiskefiletar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Ein forferdeleg situasjon

I år har derimot fiskearbeidarar langs heile norskekysten mista desse dagpengane, og stått heilt utan inntekt den tida dei er permitterte.

– NAV har ikkje gjort jobben sin, dei har dumma seg ut og no nektar dei gje seg. Dei som vert straffa for det er vanlege arbeidarar som hamnar i ein forferdeleg situasjon. Det seier Daniel Henriksson, som er hovudtillitsvald hjå arbeidarane på Pelagia i Måløy.

Det heile stammar frå ei praksisendring hjå NAV der dei byrja å telje arbeidstimar på ein ny måte i samband med utbetaling av dagpengar ved permittering. Ifølgje Henriksson vert denne endringa praktisert ulikt på ulike NAV-kontor, og råda som vert gjeve er sprikande.

Daniel

ROT: Daniel Henriksson seier at heile NAV-systemet er eit rot.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er eit lotteri kvar gong ein ringer NAV, om ein pratar med tre ulike sakshandsamarar, får ein gjerne tre ulike svar. Heile systemet er eit einaste rot.

Resultatet, seier Henriksson, er at arbeidarar på Pelagia sin fabrikk i Florø får utbetalt dagpengar, medan arbeidarar med same arbeidskontrakt i Måløy står utan inntekt.

Pelagia Måløy

PERMITTERTE: Her er nokre av arbeidarane på vitjing i fabrikkhallen på Pelagia, men dei er eigentleg permitterte.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Dette skal ikkje skje

Pressekontakt i NAV Frode Henden seier at dersom det stemmer at ulike NAV-kontor har ein ulik praksis, skal dei undersøke det.

– Om det stemmer er det sjølvsagt ikkje bra, og ikkje slik det skal vere.

Han fortel vidare at NAV for tida jobbar intenst med denne saka, og at dei håpar å kome fram til ei løysing snart.

Frode Henden

JOBBAR PÅ SPRENG: Frode Henden i NAV seier at dei jobbar på spreng for å finne ei løysing i saka.

– Vi vart overraska over at desse arbeidarane fekk avslag på sine søknader om dagpengar, sjølv om dei tidlegare har fått det innvilga. Vi jobbar for tida intenst med å finne ut om det her har blitt gjort ein feil.

Tysdag kunne Henden fortelje NRK at dei har jobba intenst med saka dei siste dagane, og at dei no har sett direktoratet i sving. I dag, onsdag, lovar dei å kome med meir informasjon.

Pelagia

FABRIKKEN: Sonja Svarstad, Karin Fjære og Anita Tvendeseter framfor fiskefabrikken Pelagia i Måløy.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Dette skjer over heile landet

Ann Solveig Sørensen i Norges nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) seier at fiskearbeidarar langs heile norskekysten no opplever det same som arbeidarane på Pelagia i Måløy.

Ann-Solveig Sørensen

SYMPATI: Ann-Solveig Sørensen i NNN har stor sympati med arbeidarane.

Foto: Ingjerd Tjelle

– Eg er nok like fortvila som arbeidarane, dette er ein veldig trasig situasjon.

Også i NNN har dei inntrykk av at ulike NAV-kontor har ulik praksis når dei handsamar søknadar om dagpengar ifrå arbeidarar i fiskeindustrien.

– Det er mykje som tyder på at det er tilfeldig om du får dagpengar eller ikkje, og uansett har NAV i alle fall feilinformert arbeidarane fleire stadar, som har ført til at dei har enda opp med avslag på dagpengar.